Kvinnelege politikarar får eit hardare køyr under ein skandale

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 20.01.2020 08:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva har metoo-sakene til Trond Giske (Ap), Facebook-posten til Sylvi Listhaug (Frp), pianoet til Victor Norman (H), stabburet til Åslaug Haga (Sp) og Abid-Raja-utskjellinga til Trine Skei Grande (V) til felles?

Dei er alle på lista over dei 41 største skandalesakene i norsk politikk sidan andre verdskrigen, ifølgje boka «Politiske skandalar – sex, korrupsjon og maktkamp», som kjem ut på forlaget Res Publica denne veka.

Flest skandalar i Frp

– Skandalar kan potensielt brukast som eit middel av politikarar til å flytte makt og søkjelys vekk frå det ein ikkje vil ha søkjelys på. Det å vite korleis ein skandale fungerer, er viktig å analysere på same måte som andre sosiale fenomen og politiske prosessar, seier forfattar Kim Arne Hammerstad til NTB.

Alle partia på Stortinget, bortsett frå Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne, har hatt éin eller fleire skandalar, ifølgje boka. Framstegspartiet har flest, med tolv saker, Høgre og Arbeidarpartiet følgjer hakk i hæl med elleve saker kvar. Venstre og Senterpartiet har tre skandalar kvar, medan SV og Kristeleg Folkeparti har hatt éi sak kvar.

– Set ut frå partistorleiken, kan vi slå fast at Framstegspartiet er noko overrepresentert, seier Hammerstad.

Kim Arne Hammerstad har skrive bok om dei 41 største politiske skandalane i norsk politikk. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Kvinner vel «aggressive» strategiar

Gjennomgangen viser nokre klare kjønnsforskjellar. Det er langt fleire mannlege politikarar enn kvinnelege som har vore involvert i ein skandale – 29 menn mot 12 kvinner. Samtidig får dei kvinnelege politikarane gjennomgå mykje meir i media medan skandalen går føre seg. Kvar dag lagar media i gjennomsnitt 70 fleire medieoppslag når skandalen har ei kvinne i hovudrolla. Dei same tala ser ein frå forsking i Sverige.

– Det er overraskande i to av dei mest likestilte landa i verda, meiner Hammerstad.

– Eg veit ikkje om skeivfordelinga kjem er tilfeldig, eller er det ein systematikk i at media krev kvinnelege politikarar ein høgare moralsk standard enn menn? Om det speler inn at Stortingets presselosje er dominert av menn, er òg eit spørsmål å stille, seier han.

Hammerstad har òg funne kjønnsforskjellar i val av strategiar for å handtere skandalen. Dei kvinnelege politikarane valde i større grad «aggressive» strategiar som fornekting og forsøk på rettferdiggjering og forklaring, medan mennene i større grad valde å legge seg flat og beklage.

– Ein hypotese er at kvinnelege politikarar anten bevisst eller underbevisst ikkje ønsket å verke «svake» og derfor overkompenserer med aggressive strategiar. Ein uheldig konsekvens av det er at medietrykket truleg blir større, seier Hammerstad.

Frp mest tilgivande

Kartlegginga viser at det nesten er umogleg å gjere comeback etter ein skandale i norsk politikk. I dei 32 skandalane der politikaren har gått av, har berre fem komne tilbake på eit tilsvarande eller høgare nivå.

Framstegspartiet er det mest «tilgivande» partiet og har løfta opp igjen fleire av dei skandaliserte politikarane sine: Både Sylvi Listhaug, Bård Hoksrud og Terje Søviknes har komme tilbake og fått både regjeringspostar og høge verv i partiet etter dei respektive skandalane sine.

På spørsmål om kva som har vore Noregs største politiske skandale sidan krigen, er ikkje Hammerstad i tvil:

– Det er Sylvi Listhaugs Facebook-sak, fordi ho var nær ved å felle regjeringa, og fordi det er saka som har generert desidert mest mediedekning, også utanfor Noreg.

Han strekar under at dette ikkje baserer seg på ei vurdering av alvoret av sjølve saka, men av merksemda og konsekvensane ho fekk.

I 2020 slår Lindås, Radøy og Meland seg saman til Alver. Med 29.000 innbyggjarar vert kommunen den fjerde største i Vestland fylke. 26 år gamle Sara Sekkingstad (Sp) vert ordførar for storkommunen. Foto: Sp