Førre tiår var det varmaste som er målt

Tiåret vi akkurat har lagt bak oss, var det varmaste som nokon gong er målt, stadfestar Verdens meteorologiorganisasjon (WMO).

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

FN-organisasjonen konstaterer òg at den globale gjennomsnittstemperaturen i 2019 var den nest høgaste sidan målingane byrja.

Utviklinga i retning høgare temperaturar og meir ekstremt vêr blir venta å halde fram i takt med dei stadig aukande utsleppa av klimagassar.

På veg mot 3-5 grader temperaturauke

– Dessverre ventar vi mykje ekstremt vêr i 2020 og tiåra framover, sa WMO-sjef Petteri Taalas onsdag.

Han viste mellom anna til dei kraftige skogbrannane som framleis rasar i Australia etter det varmaste og tørraste året i landet har opplevd.

Verdssamfunnet har som målsetjing å avgrense den globale oppvarminga til 2 eller aller helst 1,5 grader. Men så langt er det lite som tyder på at målet vil bli nådd.

– Med den noverande trenden i CO2-utslepp er vi på veg mot ein temperaturauke på 3 til 5 grader mot slutten av hundreåret, seier Taalas.

Ei så kraftig oppvarming vil truleg få katastrofale konsekvensar mange stader på kloden.

WMOs rangering av året 2019 og tiåret som akkurat er over, er i tråd med utrekningar gjort av EUs klimaovervakingsteneste og amerikanske forskarar i romfartsorganisasjonen NASA og National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA).