«Fleire nyansar i 2020, takk!»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

No som me nyleg entra 2020, er det på tide å seia farvel til året som var. Og 2019, det har vore litt av eit år.

På grunn av dei globale utfordringane me står ovanfor, har det vore eit stort fokus på å vera så miljøvenleg og berekraftig som mogleg. Med Greta Thunberg i leiinga har vaksne og ungdom over heile verda demonstrert i gatene, for å forsøkja å unngå at isen i Arktis smeltar.

«Hårete mål»

Tiltaka for å minska denne krisa er mange, og du har gjerne klart å få med deg fleire av dei. Ein skal til dømes forsøkja å nytta gjenbrukbare produkt, og takka nei til plastsugerør.

No på nyåret set dei fleste litt vel «hårete mål» for seg sjølve, og dette gjeld grepa våre for klimaet også. Kvar for seg kan mange av klimatiltaka verke nokså uskuldige, ja, «lette» om du vil. Gjer du derimot alle saman, kan dei for mange verta heilt overveldande.

Enkelte tykkjer faktisk at dei må gjere absolutt alt så resirkulerbart, «klode-godkjend» og miljøvenleg som mogleg, og gløymer ein viktig ting: Det er lov å feila!

Ikkje alle tiltak passar for alle

Ein må ikkje gløyme at me er ulike, og at ikkje alle tiltaka passar for alle. Bur du på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, kor kollektivtilbod er eit heilt ukjend fenomen, vert det gjerne vanskeleg å la bilen stå. Bur du midt i sentrum, er det ei anna sak. Poenget med desse klimatiltaka er å hjelpe moder jord, og alle monner drar. Hjelp til der du kan!

Forsøkjer du å ikkje kjøpa plastikkpose på butikken? Supert! Men ikkje bank deg sjølv opp dersom du ein gong ikkje klarar å bæra 10 liter mjølk i hendene, og difor må seia «Ja takk» når dei spør deg om du ynskjer pose.

Nyansane må på plass

Nyansar er tingen, folkens, og mange av dei!

Fordi det er ok å ete mindre kjøt, men ikkje ynskja å verta vegetarianar. Det er innafor å la bilen stå, men samstundes ta fly. Dersom ein heile tida skal snakka stygt om seg sjølv, og aldri tenkje at ein gjer nok, forsvinn motivasjonen. Då er også terskelen for å seie den velkjende «Det er ikkje vits i at berre eg…», mykje lågare. Jo, det er vits i at «berre» du gjer det. Fordi det er ikkje berre deg.

I 2020 bør ein byrje å visa meir forståing over at det ein gjer er godt nok – alt er ikkje svart-kvitt. Det er ikkje slik at enten gjer du alt, elles gjer du ingenting. Vår visjon må vera betre enn tidlegare, og nyansane må på plass.

Jo visst skal me redda kloden, men me skal ikkje mista oss sjølv medan me gjer det.

 

Har du noko på hjarta? Send lesarinnlegg, tankar eller meiningar til tips(a)framtida.no!

Photo by Annie Spratt on Unsplash