Skal den psykisk sjuke vera ansvarleg for eige helsetilbod?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Trigger Warning: Omtale av sjølvmord.

Sjå for deg at du føler deg litt slapp og utanfor. Du går til legen, og det vert konstantert: du har kreft. Første stadium. 

Legen seier at du verkar no ganske pigg likevel. Gir deg eit ark der du må skrive ned kvifor du burde få hjelp. Seier du må bestille ein dobbelttime for at det skal vera aktuelt å vise deg vidare eller følgje opp. Du får ei liste med namn på spesialistar som kan tilby behandling.

Legen veit ikkje kven som er ledige eller kor lang ventetid det er. Det må du finne ut sjølv.

Du er sliten av helseproblema dine og det kjennest ut som eit ork å byrje på telefonlista. Men du gjer det likevel.

Etter å ha ringt ti personar er det to som er ledige. Om åtte månadar. Så du ventar.

Åtte månadar seinare får du time hos spesialisten. Endeleg god hjelp og oppfølging. Helsa kjennest betre.

Men så sluttar spesialisten ein dag.

Du må søke på nytt. Det er ny ventetid. Du får ein ny spesialist. Men må fortelje alt på nytt. Prøve nye medisinar og behandlingar, sjølv om det du gjorde med den førre spesialisten allereie fungerte. 

Eller kanskje kom det aldri nokon ny spesialist. Og eit år seinare kjem eit avslag på hjelp i posten. Same dag som du døyr av kreftsjukdomen.

Dette ville sjølvsagt aldri skjedd. Ikkje om du hadde knekt foten, hadde høgt blodtrykk eller Alzheimers. 

Men det skjer altfor ofte med dei som slit med psykisk sjukdom. 

– Be om hjelp

I kjølvatnet av Ari Behns død og merksemda rundt sjølvmord i jula, har den eine oppmodinga etter den andre dukka opp, der ein ber dei som slit om å be om hjelp.

– Ein må be om hjelp når ein opplever kriser i livet, seier mellom anna statsminister Erna Solberg

Men er det så enkelt? 

600 menneske gjer kvart år som Behn. Livet blir for mykje. Døden verkar som ei betre løysing. Og Solberg seier at dei som føler det sånn, må våge å be om hjelp.

No strøymer forteljingane inn på sosiale medium med #psykishelsevern, frå folk som som gjorde det statsministeren oppmodar til: ba om hjelp.

Men hjelpeapparatet var der ikkje.

30 prosent blir avvist

I gjennomsnitt må ein venta 46 dagar frå tilvisinga er sendt til ein får behandling, ifølge tal fra Helse Norge. I Rogaland er ventetida no eit år for å få offentleg psykologhjelp. Ein er heller ikkje sikra å få hjelp i det heile tatt. 30 prosent av tilvisingar til behandling i psykisk helsevern blir avvist. 

Slik det er i dag er det dei friskaste av dei sjuke, og dei med økonomi til å gå til det private, som har størst sjanse til å overleva sjølvmordstankar eller å koma seg ut av det mørke.

Ein legg alt ansvaret på menneske som allereie har nok å hanskast med.

– Hvis du har hjarteproblem så kan eg som fastlege seie at du får time i løpet av så og så lang tid. Har du behov for psykolog, så kan eg ikkje seie sikkert at du får time overhovudet, sa leiar i Norsk forening for allmennmedisin (NFA), Petter Brelin, til ABC Nyheter i 2018. 

Det hjelp ikkje med tomme ord når ein kuttar i tilbodet

Det er mange som har vore ute med varme tankar og oppmodingar om å ta vare på kvarandre etter hendinga i jula. Og kanskje fordi me ikkje har noko betre å koma med, la ein ved nummeret til Mental Helse si hjelpelinje. Også statsministeren. 

Hjelpelinja melde ei auke på over 100 prosent på telefon og chatte-tenesta. Det vart ein så stor pågang at berre 60 prosent av dei som ringte fekk svar. 

Også i nyttårstalen til Solberg snakka ho om sjølvmord. Ho løfta fram openheit, å tørre å snakkar om kjensler og å vera der for kvarandre.

Det er fint at statsministeren ynskjer å formidla støtte til dei som har det så drit at dei ikkje vil leve lenger. Men å be dei om å oppsøka hjelp, er ikkje nok. Hjelpa må vera der til å ta i mot dei som treng det, og statsministeren har makt til å faktisk kunne gjere noko med det.

Det hjelp ikkje med tomme ord, når ein kuttar i tilboda som faktisk kan hjelpe, forskjellsbehandlar mellom psykiatri og fysisk sjukdom og ikkje gir ressursane som trengst. 

Psykisk sjukdom skal ikkje vera noko som gjer deg mindre verdig hjelp, støtte og innsats. Psykiske lidingar er like alvorlege som fysiske lidingar.

For lite ressursar

Det finst nokre ordningar som fungerer. I Oslo har nokre bydelar lågterskeltilbodet Rask psykisk helsehjelp. Kvar kommune skal også ha psykisk helsetilbod, sjølv om det ikkje er så kjent. Sjølvsagt, og heldigvis, er det også mange som opplever å få god hjelp. 

Men det er ikkje nok ressursar. Det er så pressa at mange opplever å ikkje vera sjuke nok til å få hjelp, å ikkje få svar før etter ein har prøvd å ta livet sitt. 

Som lege Kaveh Rashidi skriv:

Du har makta og pengane, Solberg

Om Solberg og regjeringa og regjeringa vil få ned sjølvmordsstatistikken er det diverre ikkje å legge ansvaret på pasienten og oppmodingar om å «be om hjelp» som er svaret. 

Det er på tide å byrja behandla psykisk sjukdom som me gjer med fysiske helseplagar, og ta det på alvor. Om nokon har hjarteproblem ventar ikkje legen på at dei skal få hjarteinfarkt før behandling vert sett i gong. Slik må ein også reagera på psykiske helseproblem.

Ein må inn med førebygging. Ha eit hjelpeapparat som fungerer, heilt frå starten, når den sjuke framleis orkar å be om hjelp. Eit system som har ressursar nok til å hjelpe før du har teke ein overdose, og som ikkje kan ha ei ventetid på halvanna år. Eit system som ikkje må vurdere om du verkar for frisk til å få hjelp, sjølv om også helsepersonellet ser at du er sjuk og treng hjelp.

Det er på tide å legga vekk flosklane. Det er du som sit med makta og pengane, Erna Solberg.

I løpet av 2020 har regjeringa varsla ein ny handlingsplan mot sjølvmord. Forhåpentlegvis lyttar dei til fagmiljøa og dei som faktisk har prøvd å be om hjelp. Ber du om hjelp, bør du få hjelp. 

Me har ikkje fleire å mista. Gjer det enklare å få hjelp, før det er for seint.

Treng du hjelp?
Prøv desse, snakk med nokon og vit at det er folk som bryr seg om deg:

  • Mental Helse: 116 123
  • Sidetmedord.no
  • Røde Kors: 80033 321
  • Kirkens SOS: 22400040 og SOS Chat
  • Nødtelefon: 113 eller næraste legevakt: 116 117