«Nytt år, nye sjansar – me må lære av Maud Angelica»

Ida Johanne Aadland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I 2019 har eg vore sint, ofte. Forbanna for at Middelhavet blir ein stadig større gravplass og at norske justisministrar rådar frå å hjelpe. Forbanna for at ein folkevald vaksen president finn på å mobbe ein 16-åring som gjer alt i si makt for fellesskapet sitt beste. Forbanna for at me tek meir enn me gjev, snakkar meir enn me handlar og håpar i staden for å brette opp erma.

Eg har aldri likt nyttårsafta eller årsskiftet. Fyrverkeriet følast berre som ein demonstrasjon av overfloda me lever i. Me er så kvalmt rike at me kan sende tusenlappar i lufta for nokre sekundar med show og fest. Men dei som har opplevd verkelege rakettar og sprengstoff, har me ikkje rom til i nyhetesfeeden eller i nabolaget.

Fyrverkeriet følast berre som ein demonstrasjon av overfloda me lever i.

«[…] Alle er like mye verdt. Det kan virke selvfølgelig. Men begynner vi virkelig å leve etter det, kan forvandling skje», sa kong Harald i talen sin same kveld. Norge har plass og pengar til å leve etter det, men ikkje politikk. Tretten nullar på oljefondet, men likevel eit samfunn der mange, mange føler seg som eit null.

Eg er livredd for at me snart blir resistente mot både antibiotika og urettferd. Saker og nyheiter som er meint å vekke og engasjere oss, blir for mykje. Ikkje så rart, eigentleg, når me skal ta innover oss alt vondt i verda på ein fire-fem tommar stor skjerm.

Men den dagen me skrollar forbi eller byter kanal, sluttar me òg å reagere. Og når me ikkje tolar å høyre sanninga og ta innover oss verkelegheita slik den er, blir den verande slik.

Derfor håpar eg på eit 2020 der me tek tak og tek oss tid. Me må halde fram å stoppe opp, orke å lese, tole å sjå – og omformulere frustrasjonen til handling. Gjere det Greta har vist oss er mogleg. For om alle som vil skape endring, nektar å endre seg sjølv, stoppar det opp.

Tretten nullar på oljefondet, men likevel eit samfunn der mange, mange føler seg som eit null.

Tre dagar inn i året har nok ein gong ei 16 år gamal jente sett standaren. Måten Maud Angelica Behn snakkar til og om folk, må me ta lærdom av. Raust, nakent og sårt, men samtidig håpefullt, ærleg og strengt.

Folk formar framtida, enten dei vil det eller ikkje, og det er det me må lite på – oss sjølve, folka. Også i året som kjem skal folk trøyste kvarandre og glede kvarandre, passe på, irettesetje og vise veg – nokre framover, andre bakover og somme kanskje ein tur utanom hovudvegen, så me får plukka med oss perspektiv me seinare ikkje vil vere utan.

Og heldigvis, uansett kor feil veg me har tråkka eller kor teit me har oppført oss, både som enkeltpersonar og samfunn, har me no fått endå ein ny sjanse, eit nytt år.

Ver så snill: lat oss bruke det godt. Eg har trua.

Har du noko på hjarte? Send til tips(a)framtida.no.

Foto: Marte Prestnes Ersland