Feriar med lågt klimaavtrykk meir pop blant nordmenn

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Interessa for meir miljøvennlege ferieformer blir større og større. Det er erfaringa frå Den Norske Turistforening (DNT). Det gjeld til dømes turmål ein kan nå med kollektivtransport, og turar på sjølv- og ubetente hytter, som blir stadig meir populært.

Lite klimaavtrykk

– Den kraftige veksten på langturar som «Norge på tvers» i Sylan og hytte-til hytteturar i Etnefjellene vitne om at fleire er bevisste på avtrykket sitt. Samtidig viser undersøkingar at klimautsleppa etter ei natt på ei enkel turisthytte er halvparten av avtrykket som blir sett etter ei natt i eigen heim. Dette viser at det å bruke ferie, fritid og helgar i eige land betyr noko for avtrykket vi set, seier generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang, i ei pressemelding.

Han meiner at noko av det beste vi alle kan gjere på veg mot eit lågutsleppssamfunn, er å drive eit nært friluftsliv der tida blir brukt på sjølve turen og ikkje reisa til og frå.

Derfor trur DNT at vi i 2020 vil sjå at endå fleire vil søke til sjølv- og ubetente hytter der ein kan kople av og sleppe både mobildekning og naboar. At interessa er stor for friluftsliv viser òg ei nyleg undersøking som Opinion har gjennomført på oppdrag for DNT.

Sterk posisjon

I undersøkinga svarer 59 prosent at dei ønsker å bruke meir av tida på friluftsaktivitetar i 2020. Til samanlikning ønsker 56 prosent å trene meir, og 54 prosent å dra til utlandet.

– Dette fortel oss at friluftsliv beheld den sterke posisjonen han har i Noreg. Fleire ser kva moglegheiter som finst like utanfor stuedøra, og det er nettopp det enkle som tiltrekker seg stadig fleire. Reaksjonane på det digitale samfunnet byrjar å bli fleire, og draumen om å sleppe heilt unna blir stadig sterkare, seier Klarp Solvang. (©NPK)

Du treng ikkje fly for å koma til sykkelhovudstaden Amsterdam. Foto: Jace & Afsoon, Unsplash.com