«Innafor»-Vilde: – Snart kjem alle til å gjennomskue at eg eigentleg suger

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg såg ikkje føre meg å få jobben då eg søkte, så eg skreiv: «Jeg har rødt hår og temperament», for å vere litt artig og skilje meg litt ut, fortel Erikstad og ler.

– Eg skreiv også andre meir vesentlege ting, men eg tenkte at eg får den nok ikkje uansett, så eg kan kødde litt.

Framtida.no møter 23-åringen på NRK sitt hovudkontor på Marienlyst tidleg i desember. Timeplanen er hektisk for Erikstad, som no er i innspurten på siste episoden i denne runda av Innafor, Klimarebellane.

Foto: Bente Kjøllesdal

I to sesongar har Vilde Bratland Erikstad fått fordjupe seg i tema ho er nysgjerrig på.

Ho har granska kvifor menn uoppfordra sender dickpicks til kvinner, ho har møtt menn som slåst, og førebudd seg på dommedag.

– Det har vore veldig spennande. Eg har møtt veldig mange folk eg ikkje ville møtt utan – det seier alle journalistar, men det er veldig sant.

– Kan snakke om alt

I haust har Innafor verkeleg sett dagsorden, då programmet granska kvifor unge jenter tyr til Instagram for støtte når dei nesten druknar i sine eigne tankar.

– Då eg gjekk på ungdomsskulen så tenkte eg at jenter som skar seg sjølve var emo, og gjorde det for eit image. Eg vart så jævleg slått i trynet av den fordommen. Eg hadde kanskje lagt den litt frå meg, men den satt framleis i. Ungdomsskule-Vilde er jo inni meg ein eller annan plass endå, seier 23-åringen.

– Det er heilt annleis no – det er ikkje eit image, det er nokon som har det utruleg vondt.

Dei to episodane førte til oppslag i Klassekampen, VG, på Framtida.no, og NRK-redaksjonen for undersøkande journalistikk skreiv ein heil artikkelserie på NRK.no om kva dette nettverket dreia seg om og kvifor ingen i helsevesenet kjende til det.

I Innafor-episoden om sjølvmord på Instagram møter Vilde Bratland Erikstad mellom andre Ingebjørg som har teke på seg å støtte ungdom på Snapchat. Foto: NRK

For Erikstad var det særleg ein lærdom som festa seg:

– Ein kan snakke med folk om alt, om du berre går inn i det på riktig måte og er ærleg om at du synest det er vanskeleg.

Herregud, så mykje ho grua seg til å ta fatt på sjølvmordsepisodane, fortel ho.

Ho var redd for å seie noko feil, redd for å trigge nokon, og vart heilt forknytt av tanken. Då Erikstad la alle korta på bordet og sa: «OK, dette synest eg er enormt vanskeleg å snakke om, berre så du veit det. Det kan vere eg seier noko feil, og då må du berre seie det til meg», så vart det mykje enklare.

– Men det er også så lett for meg å seie, for eg har eit kamera med meg og ein jobb eg skal gjere, så eg har ei unnskyldning for å snakke om ting, seier Erikstad og smiler.

– Det er mykje vanskelegare å snakke med dei ein er glad i om ting som er vanskeleg.

Imposter-syndrom

På vegen mot eit stille hjørne i kantina fortel 23-åringen at sjølv etter to år i desse gangane kan ho framleis gå seg litt vill – NRK er som ein liten labyrint.

At det var her ho skulle ha arbeidskvardagen sin, visste ho ikkje. Men heilt sidan Erikstad var 14 år gammal og vaks opp i Lødingen i Nordland har ho vore sikker på at det var journalist ho ville verte.

I 2013, då Ida Fladen hadde Prosjekt Perfekt på P3, vart ein ny glød tent i då 17 år gamle Erikstad.

– Det var då eg først syntest programleiarjobben såg skikkeleg spennande ut. Eg hugsar at eg synest det var så interessant å lage journalistikk på den måten, å bruke seg sjølv, fortel ho.

Ho byrja difor på media og kommunikasjon på vidaregåande, fekk seg sommarjobb i NRK Nordland, og vart etterkvart ein fast del av inventaret på kontoret i Bodø som multimediejournalist.

Då Emma Clare Gabrielsen gav seg som programleiar i Innafor var Erikstad ein av 300 søkarar som ville ta over rolla.

– Eg følte eg hadde veldig mykje eg måtte bevise, men så er det jo berre vanlege folk som jobbar i Innafor òg. Så det var veldig hyggeleg, og eg kunne vere meg sjølv, og dei likte at eg var meg sjølv. Foto: Bente Kjøllesdal

Innafor har sidan starten vore eit program der programleiaren byr litt på seg sjølv. For å kapre jobben måtte Erikstad difor filme ein snutt av seg sjølv som intervjuar tilfeldige personar på gata. Då valde ho eit tema som ho seinare også har granska i serien: Menn og kjensler.

– Det var min velse hjartebaby-sak, fortel 23-åringen.

Statskanalen vart overbeviste av det dei såg, og evna nordlendingen hadde til å kome i kontakt med folk. Prosjektleiar Tove Austad kalla Erikstad eit «uvanlig talent rett og slett». Jobben var hennar.

Då var det berre å pakke saman livet i Bodø og vende nasa sørover.

23-åringen medgjev at ho var nervøs for alt som venta, både å få «trynet sitt klæsja utover TV’en», og ein arbeidskvardag med nye kollegaar og graving i vanskelege tema.

– Eg var veldig redd for å føle meg veldig liten i jobben og ikkje heilt kvalifisert, minnast Erikstad.

– Det trur eg alle føler på når dei får ein ny jobb, at snart kjem alle til å gjennomskue at eg eigentleg suger.

Ho fortel at ho nok alltid forventar det verste i nye situasjonar, men så vert det som oftast betre enn ho frykta.

– Brutalt

Det var likevel brutalt å skulle forlate alt ho kjenner og flytte til Oslo, langt heimanfrå. Noreg er ikkje Noreg, fortel Erikstad, det er stor forskjell på om du bur i Nord-Noreg eller om du bur i hovudstaden.

– Det er akkurat som eg har følt at mine sosiale normar ikkje er heilt like dei sosiale normane her. Nokre gongar føler eg meg litt dum, at eg gjer noko feil eller at humoren min er feil.

– Det er ikkje det at eg fiksar det sosiale heilt ræva, men det er ikkje slik som heime.

23-åringen understrekar at det går seg til, men det har vore vanskeleg å finne gjengen sin.

– Rett etter den einsemd-episoden kom ut – pffft – ingenting vart fiksa av det, seier Erikstad.

Siste episode i førre sesong av Innafor handla om einsemd og Erikstad fortalde at ho sjølv var redd for å verte einsam i framtida.

Innafor-programleiaren er ikkje redd for å vise heile kjenslespekteret på TV:  – Eg står ikkje på ei scene der eg ser ansikta til folk, så når vi produserer serien går det heilt fint. Det er først når eg får noko i innboksen, at eg skvetter litt og tenker at folk har sett meg, fortel ho. Skjermdump frå NRK.

Ho var ny i ein ukjend by, og føre seg hadde ho helg etter helg utan planar. Ingen å treffe, ingen konkret grunn til å gå utanfor leiglegheita sine fire veggar. Ho hadde flytta i kollektiv nettopp for å garantere selskap.

– Etter den episoden kom ut og eg byrja vidare i jobben, då kjende eg meg meir einsam enn noko sinne. Det var framleis veldig vanskeleg, men ein må berre finne ut av ting, vere med på ting, og finne ut kven folka dine er.

– Dritlei seg sjølv

Heldigvis har Vilde Bratland Erikstad funne nokre av folka sine på jobb. Om dei reiser land og strand på opptak, så tek dei seg gjerne ein øl etterpå for å debriefe. Ho har vorte med i NRK sin eigen skate-klubb (!), og ho har byrja i impro-teater.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

@norsktrikskringkasting ?

Et innlegg delt av ??‍?Vilde Bratland Erikstad (@vildeeriks)

Det veger opp for litt av kostnaden ved å ha ein jobb som Innanfor-programleiar:

– Ein vert veldig sleten av å grave i sine eigne kjensler. Ein har lyst til å legge ting frå seg av og til. I dette konseptet kan ein ikkje heilt gjere det.

Sjåaren kjem nært på nordlendingen som deler tankane sine med kameraet både før intervjua, når ho reflekterer kring eit tema ved kjøkenbordet, eller når ein tanke slår ho rett for ho går til sengs.

– Her om dagen skulle eg lese kommentar over eit klipp, og då fekk eg berre slik: «Å fy faen, eg er så lei av meg sjølv. Eg er så lei av stemma mi, av trynet mitt, eg er lei av alt eg gjer – kvifor går eg slik, kvifor snakkar eg slik?».

– Og så spør eg klipparen: «Er ikkje du lei?», og han berre «Nei, det går fint». Ein vert dritlei seg sjølv, seier ho og latteren ljomar.

Ho lener seg tett inntil mikrofonen på telefonen som tek opp intervjuet og seier tydeleg:

– Men eg vert veldig godt teken vare på, det er ikkje det.

Redaksjonen har vore flink til å setje grenser og seie at har du fri, så har du fri, og det same har ho sjølv vorte betre på:

– Eg trur eg er litt flinkare til å legge det frå meg no. Det trur eg også er fordi når ein først har fått ein jobb, så vil ein gjere det betre enn best, og ein merkar kanskje ikkje sjølv at det vert veldig mykje. No er eg kanskje vorte flinkare til å seie nei, eller til å skru av når eg ikkje er på jobb.

Erikstad fortel at dersom ho får ein god middag og ein episode med Friends, så er ho nøgd.

– Ikkje lett å vere ung

Rett etter siste episode var ferdig klipt, reiste Vilde Bratland Erikstad på ferie. Ho lata att døra på kontoret og sette seg på eit fly mot Australia. Der skulle ho vere ein liten månad, før ho reiser nordover for å feire jula heime i kjende trakter.

I januar tek ho fatt på ein ny sesong av Innafor, no også med ein ekstra programleiar med på laget: Gisle A. Gjevestad Agledahl, mest kjend for programmet Jævla Homo.

Det vert stas, seier Erikstad, både fordi han er ein flink fyr med eit anna utgangspunkt enn ho sjølv, men også fordi dei vert to i same båt i redaksjonen.

Dei har allereie byrja drodle idear, men kva tema dei skal ta fatt i kan ikkje Erikstad røpe enno.

Det som er sikkert er at det nok vert fleire emosjonelle berg-og-dalbanar og fleire lærdomar, for er det ein ting 23-åringen er klinkande klår på, så er det at det ikkje er lett å vere ung:

– Du er akkurat der i livet du skal finne ut av ting, og det er utruleg vanskeleg. Det er så provoserande når det kjem nokon i 50-60-åra som seier: «Berre vent til du får barn, då vert det vanskeleg». Ja, det kan godt vere, men no er eg til dømes 19 år og det er den livserfaringa eg har, og eg har aldri hatt det så vanskeleg som no. Då følest det veldig tungt, seier Erikstad og slår oppgitt ut med hendene.

– Det er som å seie til nokon som er svoltne på jobb, at det er folk som svelt i Afrika: «Ja, men herregud, då er eg ikkje svolten lenger». Det er slik det er når nokon som har levd lenger seier det vert verre. Slutt med det, seier 23-åringen og ler.

Sjølv er hennar eige mål å kanskje gjere det litt betre og litt enklare for andre å møte kvardagen – anten det er som programleiar i Innafor eller om ho ein gong byter beite:

– Eg vil gjere ein forskjell for folk. Det høyrest så klisjé ut, og så sjukt Messias, men då har eg det i alle fall bra med meg sjølv, seier Vilde Bratland Erikstad og ler litt brydd av sine eigne ord.

– Så kanskje det er for min eigen del? Målet mitt er å vere glad og hjelpe andre.

Tomine Bauge har fleire tatoveringar. På låret har ho ein motorsykkel saman med teksta som òg står på gravsteinen til far sin.