NRK gøymer det viktigaste når dei omtalar sjølvskadingsgrupper på nett


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

(Trigger-åtvaring/Trigger warning: Sjølvmord og NRK si sak om «Det mørke nettet».)

Sundag publiserte NRK to nye episodar av dokumentarserien «Innafor», der tema er sjølvmord. Saman med denne kom langles-saka «Trigger Warning» og oppfølginga «Det skjulte nettverket» på nrk.no i tillegg til oppfølgingsartiklar, nyheitsinnslag på radio og TV.

Temaet er sjølvmord, sjølvskading og korleis hemmelege nettverk på Instagram blir brukte og fungerer. Utruleg viktig tema, opplysande og godt arbeid frå journalistar i NRK.

Gøymer det viktigaste frå ålmenta

Men i sin iver etter lesarar kan det sjå ut som det sensasjonelle har fått meir fokus enn djupne og systemkritikk.

Heilt i toppen av saka «Trigger warning» på nrk.no, lyser denne teksten imot lesaren:
«Faen Andrine bare gjør d. Ingen kommer til å savne dæ uansett».

Her får ein nesten inntrykk av at desse mørke nettverka berre består av grufulle, slemme unge folk. At unge jenter sit rundt om i landet og pushar kvarandre til å skada seg eller gjera sjølvmord.

Ein må lesa godt og nøye før ein skjønar at orda i toppen, er Andrine sine eigne ord. Ikkje andre, vonde jenter på nett som bed ho om å ta sitt eige liv. Teksten følgjer også med på biletet som kjem opp om ein deler linken vidare. Vidare i saka er det stort fokus på kor farleg og destruktivt dette miljøet er. Dei viser korleis dei skadar seg, og fleire innanfor miljøet har gjort sjølvmord. 

Men i kommentarfelta på innlegga frå «det mørke nettet» i saka til NRK, er det trass alt mest omtanke å spora: Dei bed kvarandre oppsøka hjelp, dei fortel at folk bryr seg om dei, at dei ikkje må skada seg sjølv. 

Heller ikkje mor til Andrine, som var med i nettverket og tok sjølvmord, klandrar dei andre ungdomane i nettverket. Ho ser behovet, sjølv om det sjølvsagt også har store problematiske sider ved seg. 

Ei av jentene i nettverket fortel mellom anna at det kjendes ut som ein kamp om å «ha det verst». Forskarar fortel om smitteeffekt og farane med eit slikt ekkokammer.

Men fleire av jentene som har vore med i nettverka fortel også om eit fellesskap, om støtte og forståing – som dei ikkje fekk frå helsevesenet. 

Likevel let NRK vera å framheva det store spørsmålet: Kvifor finst desse nettverka? 

Ikkje viktig nok til toppsak?

For kva er det ungdomen finn i desse nettverka, som dei ikkje finn «i den virkelige verden»? 

Det synest ikkje NRK fortener topplassering på nrk.no eller nokre sekund i Dagsrevyen.

I staden får me grafiske skildringar, bilete av sjølvskading og ei total svartmåling av nettverket.

Attpåtil med ein elendig bruk av omgrepet «Trigger warning» som dei har teke så hjarteleg til seg. Det er flott at dei vil bruka det, men bruk det ordentleg. Gi oss åtvaringa FØR me får alt opp i beste sendetid på Dagsrevyen eller opnar saka og får det slengt i fleisen før noko anna. Og forklar kva åtvaringa gjeld, så ein kan velgje om ein tåler det eller ikkje. Det er heile poenget med omgrepet.

Kvifor er ikkje systemkritikken på topp på NRK? Kva har skjedd med tanke på samfunnsoppdraget? Kva er det desse nettverka gir dei unge som slit, som dei ikkje finn andre stader?

Og er det fleire eller færre sjølvmord blant desse brukarane på «Priv insta» enn blant andre i same situasjon? Det anar me ikkje, fordi NRK ikkje seier noko om det.

Opplever at helsesystemet sviktar

Både nettsakene og nyheitsinnslaga, som er det som vil nå ut til flest, er basert på to episodar i NRK sin dokumentarserie «Innafor». 

Her er saka løyst ganske annleis. Mindre sensajon, meir spørsmål. Mindre utanfrå og inn, meir på likefot. Her er programleiar Vilde B. Erikstad saman med ungdomen sjølv. Ho snakkar med dei, ikkje om dei. Og dei fortel ope.

Me får møte 22 år gamle Ingebjørg som i stor grad har teke på seg helsevesenet si oppgåve sjølv, med å følgje opp og hjelpe unge som slit, med brukaren @Psyktærlig.

Ho fortel at ho har sagt frå til systemet gong på gong, og ikkje greidde å berre sjå på at ingenting vart gjort lengre. Så ho lyttar, er der og er den fleire tek kontakt med når dei tenkjer på eller prøver å gjera sjølvmord. Det skal ikkje liggje på ein 22-åring sine skuldrer. 

Skjermdump frå «Innafor» på NRK.

Me får også vita meir om historia til Andrine, som er hovudpersonen i nettsaka «Trigger Warning». Me får vita at ho, som endeleg hadde funne ein heim ho hadde det betre i, på barnevernsinstitusjon, hadde fått beskjed om at det var for dyrt å ha ho der etter fylte 18 år. At ho no måtte klare seg sjølv – og at Andrine syntest det vart for mykje å takla. Berre veker før 18-årsdagen tok ho livet sitt. 

Programleiar Vilde Erikstad gjer jobben sin som journalist og spør Ingebjørg:

– Kva skulle du ønske at psykiatrien gjorde?

– Dei må ta det på alvor med ein gong nokon seier dei har det vanskeleg. 

Kjensla av å ikkje blir forstått i helsevesenet vert også stadfesta av fleire, både i programmet Innafor og på Twitter. Folk som fortel om sjølvkuttskader som måtte syast, der ingen på sjukehuset spurde korleis hen hadde det. Som fortel at legen ikkje fortalde dei at det fanst ungdomspsykiatrisk tilbud i kommunen. Som har følt at helsevesenet ikkje bryr seg og at dei ikkje vert tekne på alvor.

Kvifor NRK har vald å nedprioritere systemkritikken i dekninga av dette, er for meg heilt uforståeleg. 

Ja, nettverket er kjipt og potensielt farleg, men for mange ungdomar er det også ein av få stader som gir dei den støtta, forståinga og tilhøyrsla dei opplever at helsevesenet ikkje greier å gi.

Og det er vel dette som verkeleg er samfunnsoppdraget å formidla og problematisere?

Når dei ansvarlege ikkje veit

NRK har det siste døgeret mellom anna sjølv skrive saker om at verken helseminster Bent Høie, generalsekretæren i Rådet for psykisk helse, overlege på ungdomspsykiatrisk akuttavdeling eller Nasjonalt senter for selvmordsforsking og selvmordsforebygging visste om desse nettverka på Instagram. Kva seier det oss? Og kvifor har ingen av dei fått spørsmål om dette? Kvifor blir dei ikkje stilt til ansvar og spurt om kvifor ungdomen føler seg så lite lytta til at dei heller tyr til slike nettverk?

Generalsekretær i Rådet for psykisk helse får til og med slå fast at desse gruppene «har i hvert fall ikke hjulpet dem», utan eit einaste oppfølgingsspørsmål eller meir utfyllande fakta.

NRK har gjort eit svært viktig arbeid her. Me treng fokus på desse nettverka og me treng utan tvil meir opplysing om sjølvskading og kva som ligg bak. Men når NRK først har gjort dette store arbeidet, kvifor ikkje ta det siste steget og fortelje meir om kvifor? Å stille oppfølgingsspørsmål om korleis ein betrar helsetenestene, slik at ungdom ikkje opplever at dei berre har dette nettverket å lene seg på?

Berre helseminister Høie tek opp dette, på eige initativ, før han får spørsmål frå journalisten om kva han vil gjere med innhaldet i nettverka – ikkje om korleis ein skal betra helsetenestene så ikkje unge føler seg heilt åleine og tyr til slike nettverk.

Skjermdump frå “Innafor” på NRK.

Luktar meir sensasjonsjakt enn opplysing

Dette er i mine augo den verkelege saka. Ja, me må få opplysing om desse mørke nettverka. Om at dei finst. At det kan ha smitteeffekt og korleis slike ekkokammer kan skapa forverring hos unge som slit.

Men det ligg altså ei tydeleg årsak bak kvifor mange unge vert dregne mot desse nettverka, og det er at me som velferdsstat har svikta desse ungdomane. 

Når NRK i sine største kanalar, nett og nyheitsinnslag, hoppar bukk over denne viktige delen av det dei har funne ut, luktar heile pakken meir «sensasjonsjakt» enn «opplysing og betring av samfunnet». Og eg trur ikkje det var det journalistane tenkte eller ville. 

NRK veit kva som ligg bak og har skapt behovet for nettverka, men har vald å gøyme systemkritikken. Det får ikkje vera viktig nok til å vera toppsak på nrk.no, i Dagsrevyen eller i nyheitene på radio, men er gøymt bort i eit knallbra TV-program som diverre langt færre kjem til å sjå. Det er totalt uforståeleg.