Knapt fleirtal for nynorsk i Ålesund

Med 41 mot 35 stemmer vedtok kommunestyret i Ålesund torsdag at målforma i Ålesund skal vera nynorsk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det fortel Sunnmørsposten. Vedtaket inneber mellom anna at statlege skriv til kommunen skal vera på nynorsk. Kommunen må på si side bruka nynorsk på internett- og intranettsidene sine, i informasjonsmateriale og kunngjeringar, lokale forskrifter, reglement og retningslinjer.

Vedtaket inneber også at alle som skriv til kommunen har krav på å få svar på den målforma som er brukt i skrivet.

Skal utarbeide språkplan

At Ålesund skal vera nynorskkommune betyr likevel ikkje at alle innbyggjarane, skular og tilsette må skriva nynorsk.

I vedtaket blir det mellom anna slege fast at tilsette kan nytta bokmål i fleire samanhengar i det daglege arbeidet sitt, og at grunnskulane held fram med å bruka den målforma dei har når nye Ålesund kommune trer i kraft.

Det skal dessutan utarbeidast ein språkbruksplan for kommunen som skal klargjera vedtaket og bruken av både nynorsk og bokmål. Språkbruksplanen skal leggjast fram første halvår 2020. Etterpå skal planen ut på høyring der både lag og organisasjonar, innbyggjar og tilsette kan koma med innspel. Fram til språkplanen er vedteken, får rådmannen fullmakt til å finna gode overgangsløysingar, heiter det i vedtaket.

Eva Vinje Aurdal (Ap) blir ordførar i den nye Ålesund kommune. Foto: Ap