Den siste veka i bilete

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 13:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var ein historisk måndag, då den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskij og den russiske presidenten Vladimir Putin for første gong samlast ved same bord.

Møtet fann stad i Paris, saman med den Frankrike sin president Emmanuel Macron og den tyske forbundskansleren Angela Merkel. Dei skulle diskutere mogelegheiter for å løyse krigen i Aust-Ukraina, som no har pågått i fem år.

Flyktning-julekrybbe

Bilete av julekrybbe-utstillinga til den amerikanske kyrkja Claremont United Methodist Church gjekk verda rundt.

Foto: Karen Clark Ristine/Claremont UMC/via Facebook

Utstillinga syner Josef, Jesusbarnet og Maria som er åtskilde i kvar sine bur.

På Facebook spør pastoren i kyrkja, Karen Clark Ristine: Kva om denne familien søkte asyl i landet vårt i dag?

Ho påpeikar at Jesus, Maria og Josef også var flyktningar, og kritiserer flyktningpolitikken som vert ført i USA i dag, der tallause familiar vert skildre frå kvarandre ved grensa til landet.

Vulkanutbrot på New Zealand

Måndag var det vulkanutbrot på den ubebudde øya Whakaari/White Island i New Zealand.

Fleire turistar var i ein båt i nærleiken av Whakaari/White Island då utbrotet hende måndag 9. desember. Foto: Michael Schade via AP)

Det var 47 turistar på den vesle vulkaniske øya då utbrotet hende, ifølgje avisa The New Zealand Herald. Dei kom frå heile verda – frå Australia, USA, Kina, Tyskland, Malaysia og New Zealand.

16 personar miste livet og 30 vart skadde, dei fleste kritisk.

Fredag og laurdag arbeidde åtte spesialsoldatar iført vernedrakt og med ekstra oksygentilførsel for å hente kroppane til dei omkomne.

– Omfanget av denne tragedien er knusande, sa New Zealand sin statsminister Jacinda Ardern.

Fredsprisvinnaren var i Oslo

Tysdag tok den etiopiske statsministeren Abiy Ahmed imot Nobels fredspris i Oslo.

– Eg tar imot denne prisen på vegner av befolkninga i både Etiopia og Eritrea, særleg dei som har ofra livet for freden, sa fredsprisvinnaren.

Han understreka at det vil krevje hardt arbeid å halde freden mellom landa ved like.

Fredsprisvinnar Abiy Ahmed Ali og statsminister Erna Solberg gjev kvar si uttaling til pressa etter samtalane i regjeringa sin representasjonsbustad. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Nyval i Storbritannia

Det var stor spenning knyt til valet i Storbritannia torsdag. Sitjande statsminister Boris Johnson sitt parti, Det konservative partiet, fekk reint fleirtal då stemmene var talde.

Den britiske statsministeren Boris Johnson sitt parti vann ein solid majoritet i det britiske valet torsdag. Foto: AP Photo/Frank Augstein

Arbeidarparti-leiaren Jeremy Corbyn var i førekant av valet den minst populære opposisjonsleiaren på over 40 år, og når resultatet tikka inn melde Corbyn at han ikkje kjem til å leie partiet ved neste val.

Boris Johnson garanterer no veljarane sine at Storbritannia kjem til å forlate EU 31. januar 2020.

Greta er «Årets person»

Den svenske klimaaktivisten fekk den prestisjetunge tittelen «Årets person» av det amerikanske magasinet TIME.

Svenske Greta Thunberg (16) er kåra til årets person av Time magazine. Skjermdump

Ho er den yngste personen som noko sinne har fått heideren. I fjor gjekk utmerkinga til journalistar som våga halde fram arbeidet sitt, trass i rettsforfølging, arrestasjon og mord. Året før var det dei som braut stilla kring seksuell trakassering og overgrep som vart løfta fram, inkludert dei som starta Metoo-rørsla.

Donald Trump vart i 2016 kåra til «Årets person», då han kapra det amerikanske presidentembetet framfor Hillary Clinton. Han var likevel ikkje like nøgd med årets tildeling:

Skjermdump.

Greta Thunberg let ikkje gode råd gå tapt, og gjev Trump svar på tiltale:

Skjermdump.

Hongkong markerer eit halvt år med protest

Demonstrasjonane i Hongkong held fram, og førre søndag samlast tusenvis av menneske i gatene for å markere at det er seks månadar sidan protestane først tok til.

Folkehavet som møtte opp for å vise at demonstrasjonane held fram, eit halvt år etter oppstarten, lyste opp med lykta på smarttelefonane sine. Foto: AP Photo/Vincent Yu)

Arrangørane meiner 800.000 tok til gatene, ifølgje NRK, og kravde fridom og solidaritet for Hongkong.

Torsdag 12. desember var det også eit halvt år sidan det første store samanstøytet mellom demonstrantar og politiet.

Reuters melder at politiet har avfyrt 16 000 runder med tåregass og 10 000 gummikuler mot demonstrantane, sidan protestane først tok til. Over 6000 har vorte arresterte, den yngste 11 år og den eldste 84. 500 politimenn har vorte skada.

Pilgrimsferd i Mexico

Kvart år den 12. desember vert Jomfru Maria av Guadalupe feira som ein nasjonal festdag i Mexico.

På Guadalupe-åsa er det reist ein basilika dedikert til Jomfrua av Guadalupe, og den er blant dei desidert mest vitja stadane for katolsk pilgrimsferd i verda.

I år anslår myndigheitene at 9.8 millionar menneske samla seg i området rundt basilikaen. Det er nesten ein million fleire menneske enn det som bur i hovudstaden Mexico by.

Pilgrimar søv utanfor Vår Frue av Guadalupe-heilagdomen, basiliaen dedikert til Jomfru Maria av Guadalupe. Foto:AP Photo/Marco Ugarte