Julegåvene ingen treng – frå tandemtruse til hackit

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ostepop-gaffel

Er det ein ting INGEN treng så er det ostepopgaffel, klype eller andre spesialreiskapar for å få i seg ostepop utan å få ostepopfingrar. Me har jo allereie gaflar!

Foto: Cheez Doodles

Maiskolbehaldarar

Apropos unyttige eterreiskapar. Også her er målet å ikkje bli grisete på fingrane. Ifølgje Clas Ohlson er desse reiskapane enkle å finne i skuffen og kan koplast saman, men kva hjelper det når du ikkje treng dei?

Ein 4pk er på tilbod til 29,90 kroner heilt fram til juni 2020, så det er ingen grunn til å løpe og kjøpe.

Foto: Clas Ohlsson

Donald Trump-sokkar

Det er eit relativt velkjend fenomen at dess eldre du blir, dess meir set du pris på å få sokkar i julegåve. Strikkelester til ein 8-åring: Ingen gledestårer. Strikkelester til ein 28-åring: Evig takksemd.

Men desse sokkane er det vel ingen som treng?

Foto: Ebay

Nicolas Cage-pute

Kvifor er paljettar på puter ei greie? Puter har originalt ein hovudfunksjon – komfort. Som alle som kastar seg på «paljettar til nyttår»-trenden veit, det er ikkje komfortabelt med paljettar mot hud. Det er direkte ukomfortabelt.

Når det gjeld den andre funksjonen – pynt – så kan vel ikkje denne puta seiast å oppfylle dei krava heller:

Foto: Amazon

Hackit

Den norske hackit-gründeren har funne opp oppfinninga du ikkje visste at du sakna, nemleg ei kjøttdeighakke.

Kanskje er det fantastisk, men òg fantastisk unødig, når me allereie har steikespadar!

Foto: Hackit

Paraply-hatt

Ja, det kan vera ganske irriterande å få regn i håret. Kanskje har du brukt dei førre tre timane på å stritte med rettetang og style det. Berre synet av ein dråpe er nok til å øydeleggja det. Så idéen er god, Wish. Men. Kva faen.

Paraplyhatt frå Wish.

Nudle-gensar

Kor skal ein byrja? Ein deilig college-genser er det få ting som slår. Kanskje særleg i romjula, når julematen er fortært. Og det er ikkje akkurat eit krav til ein hettegensar at den skal vera så veldig stylish og stilig, men. Dette held ikkje.

Ramen-hettegensar frå Wish

Mat som er forma som noko

Ein evig klassikar på internett.

Du kan kjøpa ein ostepop forma som ein pistol eller kanskje ei gulrot forma som ei tå, til dømes.

Men kva skal du med det?

Gulrot frå ebay.

Eittelleranna som skal gjera deg tynn i ansiktet

Kor skal ein byrja? Kva er dette? I skildringa er dette punkt tre til fem:

  • Høve: Casual.
  • Den elastiske maska vil gjere fjeset ditt fint og sunt (!).
  • Den vil få deg til å sjå meir sexy og fin ut.

Hmmm….

Ja, estetisk sans og smak er individuelt – men er det verkeleg nokon som synest dette er sexy? Og reint medisinsk er det vel ganske openlyst at den umogleg kan gjera ansiktet ditt «sunt».

Face slim mask, der altså.

Dette heiter: «Women’s fashion face beauty Wrinkle V Face Chin Cheek Lift Up Slimming Slim Mask Ultra-thin Belt Strap Band New Design» frå Wish.

Tandemtruse

Førestill deg at du er nyforelska og litt gal av kjærleik. Du vil berre vera med din utvalde kvart minutt, kvar dag, for alltid.

De ligg samanslynga i senga. Leier hender på gata. Og deler truse.

Tandemtruse frå Ebay.