19. ETG: Årtusenets julekalender: Velkommen til år 2015

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 03.04.2024 13:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjedde i 2015?

2015 var prega av IS sin framvekst og den massive flyktningskrisa. I januar samla verda seg rundt Je suis Charlie etter terroråtaket mot satirebladet Charlie Hebedo, og i september vart dei brutale realitetane i flyktningkrisa krystallklåre med bilete av den syriske treåringen Alan Kurdi som vart funnen drukna på ei strand i Tyrkia.

Samstundes var 2015 eit år for store internasjonale avtaler: Den historiske Parisavtala vart vedteken, og atomavtala med Iran vart framforhandla.

(At Donald Trump seinare vart president og skulle kome til å utfordre begge desse var vi lukkeleg uvitande om i desse dager.)

Dette lytta me til

Det var det store Adele-året, og den britiske songaren sa «Hello» til førsteplassen på VG-lista, der ho låg i til saman 7 veker.

Det var elles Kygo-fest i landet, og bergensartisten stal listetoppar både i Noreg og internasjonalt.

Den passande titulerte låten «Stole the show» regjerte på VG-lista, og var inne på førsteplass to gonger i til saman 6 veker.

På tampen av året annonserte Spotify at Kygo var den artisten i verda som raskast hadde nådd ein milliard strøymingar.

– Dette er ei utruleg oppnåing for ein verkeleg spesiell artist. Kygo er eit globalt fenomen, sa Peter Edge, sjefen frå Kygo sitt internasjonale plateselskap RCA Records.

Samstundes byrja musikkvideoane å dominere på YouTube, og frå no var brukarane meir interesserte i å sjå på slikt enn ein hund som skremmer livet av intetanande sjeler iført eit edderkoppkostyme. (Forstå det den som kan.)

Den mest sette YouTube-videoen i 2015 var musikkvideoen til låten «See You Again» av Wiz Khalifa og Charlie Puth. Låta var laga til filmen Furious 7, og ein hyllest til skodespelaren Paul Walker som omkom i ei bilulukke to år før.

Dette såg me på kino

2015 var eit enormt oppfølgjar-år: Det var dags både for nye James Bond-intriger, Star Wars-spenning, og endå fleire biljakter i The Fast and the furious-serien.

Kva kan no konkurrere med alle desse? spør du sikkert.

Katastrofefilm frå Geirangerfjorden, vel!

Heile 832.643 nordmenn reiste på kino for å sjå Bølgen. 

Dette sa me

I 2015 førte vi det grøne skiftet inn i ordboka, om ikkje i samfunnet, då det vart kåra til årets nyord hjå Språkrådet.

Samstundes var årets slangord å ghoste. For Tinder hadde vorte vanleg, og difor også det å ende ein relasjon med å berre forsvinne frå alle samtalar og slutte å svare.

Dette hadde me på oss

Var det ein ting som foreina mange i 2015, så var det underlege solskiljer på leggane. Det var nemleg utruleg in med gladiator-sandalar.

Foto: Geneva Vanderzeil/Flickr/CC BY 2.0

Alle menn skulle derimot gå i brune semska sko, beige blazer og fedora-hatt (!).

Dette lo me av

Drake gav ut songen «Hotline Bling» (og i videoen ein sterk søknad til å verte deltakar på Skal vi danse? dersom musikkarrieren går nord og ned), og opna med den eit kvelv av memes.

Saturday night live parodierte musikkvideoen, med hjelp frå sjølvaste Donald Trump.

Dei som ikkje var opptekne med å lage Hotline Bling-memes, hadde kanskje meir tid til å invitere til Netflix and chill? 

Dette snakka me om

  1. Skam

Det var den 22. september i det herrens år 2015 at verda fekk ei uventa gåve frå oven (les: NRK). Då vart det aller første klippet frå Skam publisert på nett, og plutseleg var Skam-fenomenet i gang.

Gjennom fire sesongar og 43 episodar fekk ein innsyn i livet til vennegjengen ved Hartvig Nissens skole. Det var russebuss-planlegging, seksualitet, øl, religion og kjærleik i ei salig og nydeleg blanding.

Serien henta heim endelaust med ros og prisar, og sette eit tydeleg preg ikkje berre i Noreg, men også utanfor våre grenser.

Serien endra svensk språk, fekk unge danskar til å like norsk, vart ein del av pensum på Universitetet i Oslo. Samstundes har den vorte laga om til både fransk, belgisk, spansk, tysk og amerikanske versjonar.

I Noreg så byrja vi til og med å kalle opp barna våre etter Noora og William.

LENGE LEVE SKAM! <3

2. Caitlyn Jenner

I april 2015 stod Caitlyn Jenner fram som transperson, og i juli same året debuterte ho med sitt nye namn. Det gjorde ho med stil – på framsida av Vanity Fair.

Fair Use. Caitlyn Jenner

Jenner var gift med Karadshian-mogul Kris frå 1991 og til skilsmissa var ferdig handsama i 2015.

I sin ungdom var Jenner ein av verdas fremste tikjemparar, og krona karrieren med ein gullmedalje i sommar-OL i Montreal i 1976.

Caitlyn Jenner vart hylla for at ho våga fortelje si historie, og fekk ei rekkje prisar i månadane som følgde.

I 2015 var ho også på andre plass over «mest søkte personar» hjå Google, berre slått av Lamar Odom som enda opp på sjukehus etter ein heftig dop-cocktail på eit bordell, i tida då han var gift med Khloe Kardashian.

Jenner stal også førsteplassen som «mest søkte kjendis» frå si tidlegare stedotter Kim Kardiashian hjå Bing. (Kven brukar Bing, eigentleg?)

3. The dress

«Den er blå og svart!» «Nei, den er kvit og gull!»

Slik starta nok mang ein julebordkrangel i 2015. I februar gjekk nemleg bilete av ein kjole sin sigersgang på nettet, folk var rivande ueinige om kva farge den eigentleg hadde.

I løpet av eit døgn var der 4,4 millionar Twitter-meldingar  om kjolen. Tumblr-innlegget til Caitlin McNeil som først delte bilete vart på få dagar sett over 73 millionar gongar.

Sjølv kjendisane kasta seg inn i diskusjonen.

I venstre hjørne, og forkjemparar for kvit og gull, stod Anna Kendrick, Sarah Hyland, Kim Kardashian, og Mariah Carey.

I høgre hjørne, forkjemparar for svart og blå, stod Taylor Swift, Kanye West, Justin Bieber og Miley Cyrus.

Plottblottar: Det britiske klesmerket som laga kjolen, Roman Originals, stadfesta at kjolen faktisk var blå og svart.

4. Justin Bieber får vannskrekk

Det var duka for intimkonsert med popyndling Justin Bieber på Chateu Neuf i 2015. Berre 1000 fans fekk plass i publikum, og Bieber skulle spele seks låtar.

Konserten fekk derimot ein brå slutt då artisten storma av scena. Det var sølt vatn, og då Bieber ikkje fekk tørke opp utan at fansen prøvde å rive tak i handkledet hans, så var begeret fullt.

Bieber unnskylda seg seinare på Instagram: