Me opnar dagens luke i Juleheisen og kikar inn i 18. etasje, i år 2014.

Kva skjedde i 2014?

2014 var året då mange langvarige kriser vart utløyst – Russland braut internasjonal lov og annekterte Krim-halvøya, vasskrisa i Flint starta og ISIS erklærte sitt første kalifat.

Det var eit år med mykje elende, men der var også nokre små lysglimt.

Vi kronerulla for sjukdomsforsking og 17 år gamle Malala Yousafzai mottok Nobels fredspris for å kjempe for retten til utdanning.

Dette lytta me til

Dette året viser Ed Sheeran at han verkeleg er ein del av A-laget, og regjerer på den norske VG-lista med sangen «I see fire».

Låten vart skriven til den andre av Hobbiten-filmane, Smaugs audemark, på bestilling frå regissøren sjølv, Peter Jackson.

Dottera til Jackson hadde vore på Ed Sheeran-konsert, og hadde nok vore raus med lovorda, for regissøren inviterte artisten ut til lunsj dagen etter. Dei utveksla e-postadresse, og så var det gjort.

(Ed Sheeran skreiv visstnok suksesslåten på berre nokre få timar, så det er fint for han.)

Dette såg me på kino

Filmtrendane er tydelegvis raskare i vendinga enn musikktrendane.

Medan Sheeran si låt frå den andre Hobbit-filmen tok VG-lista med storm, så gjorde den tredje filmen i trilogien det godt på kinotoppen.

Nesten éin halv million nordmenn gjekk på kino for å sjå korleis soga om Bilbo enda i Femhærerslaget.

For å vere pinleg nøyaktig: 482 975 stykk.

På andre plass kom den norske filmen Børning og på tredje Doktor Proktors prompepulver. 

Dette sa me

Som følgje av borgarkrigane i Syria og Irak kåra Språkrådet ordet framandkrigar til årets ord.

Av andre ord som markerte seg, var både viral og emoji høgt på kortlista. 💯
Eit anna ord som fekk ein oppsving dette året var pøbelgran, på grunn av sitkagrana sin skadelege tendens til å spreie seg i vilden sky.*

* (Framtida.no er merksame på at GIF-en ikkje viser ei gran)

I USA tok #BlackLivesMatter steget ut frå sosiale medium, og vart ei verdskjend rørsle med landsdekkjande demonstrasjonar etter at dei to afroamerikanske mennene Eric Garner og Michael Brown miste livet i møte med politiet.

Det førte til at ordet woke vart ein del av rørsla, og mykje brukt for å setje fokus på rasisme og sosial urettferd. Seinare har det vorte ein del av daglegtalen til mange.

Dette hadde me på oss

I den evige kampen – komfort versus stil – så fall desse to saman i 2014. Vi gjekk i haremsbukse!

Samstundes var yoga-bukser i ferd med å ta av, til glede for nokon og forarging frå andre.

Dette lo me av

I 2014 var internett enormt fascinerte av den passiv-aggressive Kermit.

I memen seier Kermit noko sarkastisk, og gjerne negativt, før han legg til eit aldri så lite «But that’s none of my business».

Vil du lage din eigen Kermit-meme? Det kan du gjere her! 

Samstundes så flira vi litt av «Mutant Giant Spider Dog», ein YouTube-video laga av polske Sylwester Wardega. Han har kledd ut hunden sin Chica som ein edderkopp, og skremmer livet av tilfeldige stakkarar.

«Mutant Giant Spider Dog» er sett over 179 millionar gongar, og var den videoen som skapte mest blest på YouTube i 2014.

Dette snakka me om

1: Ice bucket challenge

Den største viralen trenden i 2014 var utan tvil Ice bucket challenge. Kjendisar stod nærmast i kø for å få kaldvatn tømt nedover ryggen, og det heile var til inntekt for ei god sak.

Målet var å samle inn pengar og auke medvitet kring sjukdomen ALS, ein nervesjukdom som ikkje kan kurerast.

Heile 115 millionar amerikanske dollar vart samla inn til organisasjonen ALS Association, som då kunne setje av meir pengar til å forske på sjukdomen.

Ein av dei mest populære videoane var laga av den amerikanske skodespelaren Charlie Sheen. Nesten 20 millionar såg Sheen sin eigen vri på utfordringa, då han droppa isvatnet og heller tømte 10 000 dollar over hovudet sitt. Desse pengane donerte skodespelaren så til ein ALS-organisasjon, fordi «is kjem til å smelte, men desse pengane vil faktisk hjelpe folk».

Sjølv Sheen i pengeregn måtte sjå seg slått av Bill Gates. Videoen av Microsoft-gründeren er sett over 30 millionar gongar:

2: Ellen DeGeneres med Oscar-sjølvi

I 2014 tok den amerikanske talkshow-verten eit bilete som nok har tidenes høgaste kjendisfaktor per pixel.

DeGeneres var vert for årets Oscar-utdeling, men kveldens store vinnar var nok bror til Lupita Nyong’o. Han fekk nemleg plass i ramma ved sidan av Brad Pitt og Angelina Jolie, i eit bilete som sikkert har fått heiderplass i heimen.

Biletet var retweeta over 3 millionar gongar, og hadde rekorden for flest retweets i godt og vel tre år før ein mann ba internett om hjelp for å få gratis kylling-nuggets. «A man needs his nuggs»!

(Av andre minneverdige Oscar-augeblikk frå same året: John Travolta snubla i orda sine og introduserte Frost-skodespelar Idina Menzel som Adele Dazeem. Håpar han har klart å let it go.)

3: Kim Kardashian «breaks the internet»

I november 2014 poserte realitystjerna for framsidebilete av magasinet Paper med overskrifta «Break the Internet: Kim Kardashian».

 

Se dette innlegget på Instagram

 

#BreakTheInternet

Et innlegg delt av Kim Kardashian West (@kimkardashian)

Og «break the internet» ho gjorde. Dagen etter saka vart publisert hadde den vorte vist over 6.5 millionar gongar. Nesten 1 prosent av all internett-aktivitet i USA var på Kim K-saka. Fleire millionar klikka seg inn for å sjå bilete av Kim Kardashian med eit champagne-glas på rumpa i dagane som følgde.

Bileta var tekne av Jean Paul Goude, og både motivet og fotografen skapte debatt. Fleire skulda Goude for å ha ein problematisk tendens til å objektifisere og eksotifisere svarte kvinner i arbeidet sitt, og at Kardashian tener på det når ho gjenskapar eit av bileta frå boka hans «Jungle Fever».

Oppdatert: onsdag 29. januar 2020 15.26

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE