Vy-namnet hamnar i retten

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tvistesaka er sett til tysdag 10. desember i Oslo tingrett og vil etter planen ta tre dagar.

Anders Haakon Lier, som er styreleiar i eigarselskapet til kommunikasjonsbyrået EXP Group, seier til Dagens Næringsliv at det vil bli kasta lys på i retten korleis dei har komme fram til erstatningssummen.

Kva synest du om Vy, det nye namnet til NSB?

Kva synest du om Vy, det nye namnet til NSB?

Heilt på skinner!41
Litt på sporet.17
Why? Må dei skifte?222
Veit ikkje.17
Svar totalt: 297

280 millionar kroner i namnebyte

Når det gjeld namnet til byrået, vil dei først sjå på utfallet av rettssaka før dei tar stilling til eit eventuelt namnebyte.

Tidlegare i år skifta NSB namn til Vy i ein prosess som vil koste opp mot 280 millionar kroner. Vy Communication gjekk til sak for krenking av varemerket til selskapet og krev erstatning.

Byrået meiner at NSB/Vy-gruppa var klar over at selskapet deira bar Vy-namnet, men aldri tok kontakt for å avklare situasjonen.

«Vygruppen er ett av de mest kjente selskapene i Norge. Når dette lanserer varemerket og foretaksnavnet Vy med omfattende markedsføring og mediedekning, vil andre aktører med samme varemerke og navn i løpet av kort tid bli fortrengt,» skriv selskapet i sluttinnlegget sitt til Oslo tingrett.