Togbillettar kan bli dyrare med fleire togselskap

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Go-Ahead tar over trafikken på Sørlandsbanen 15. desember. Det betyr at viss reisande skal ta tog ei strekning der begge togselskapa køyrer, må ein ha to miniprisbillettar, melder NRK.

– Så fort vi er i gang og får historikk vi kan sjå tilbake på, kan vi gå i dialog med Vy og SJ og sjå om vi kan komme fram til ei løysing, seier administrerande direktør Cathrine Elgin i Go-Ahead til NRK.

Minipris kan bli dobbelt så dyrt

Frå 20. juni neste år tar svenske SJ over Dovrebanen, Nordlandsbanen, Trønderbanen, Raumabanen og Meråkerbanen. Dermed må ein som reiser frå Kristiansand til Røros, innom tre togselskap.

Togselskapa kan prise dei rabatterte billettane som dei vil. Det er berre dei ordinære billettane Jernbanedirektoratet har sett eit maksimalt prisnivå på. Dermed kan miniprisbillettar blir dobbelt så dyre.

– Ja, viss du reiser langt på ein tur så blir det minipris pluss minipris. Det kjem vi ikkje unna, seier kommunikasjonssjef i Jernbanedirektoratet, Svein Horrisland.