NDFU sin nye leiar: – Ikkje alle kjenner til at teiknspråklege miljø finst

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje mange som er like heldige som meg og har tilgang på eit teiknspråkleg miljø, fortel Sondre Uteng Olsen på e-post til Framtida.no.

24-åringen frå Rælingen i Akerhus vart vald til leiar i Norges Døveforbunds Ungdom (NDFU) på årsmøtet i slutten av oktober.

Hans personlege hjartesak er å sikre andre høyrselshemma dei same vilkåra som han sjølv har: Ein møteplass for teiknspråklege brukarar, og eit døvemiljø frå ein går inn i barnehagen, til ein går ut av vidaregåande.

Eg vil skape møteplassar der døve, høyrselshemma og teiknspråkbrukarar kan vere seg sjølve og ikkje føler behovet for å bevise noko.

Ikkje alle veit at teiknspråklege miljø finst

NDFU er ein seksjon under Norges Døveforbund (NDF), som arbeider for å sikre og informere om tilbod for barn og unge som er døve eller høyrselshemma. Det inneber alt frå aktivitetstilbod til ungdomsklubbar.

Det var mangelen på slike tilbod som gjorde at Olsen først engasjerte seg:

– Då eg var gammal nok til å delta på nokre ungdomsklubb-arrangement, kunne eg ikkje delta på noko fordi ungdomsklubben i Oslo var lagt på is, fortel han.

Olsen vart difor med i styret som bygde opp att tilbodet, og fatta seinare interesse for å gjere det same på nasjonalt nivå for å sikre ungdomsklubbar også utanfor Oslo-området.

– Dagens samfunn er slik at det er mange døve/høyrselshemma som er spreidde rundt i landet. Fleire er integrerte i skulane, og kanskje ikkje alle kjenner til at det finst teiknspråklege miljø, forklarar NDFU-leiaren og legg til:

– Eg personleg har opplevd å møte fleire eldre døve som ikkje har høyrt om Norsk Tegnspråk eller at det er andre døve.

For NDFU er det difor viktig å arrangere årlege samlingar og leirar slik at barn og unge som er døve eller høyrselshemma får møte andre som er i same situasjon som dei sjølve.

Saman vil dei realisere slagordet til organisasjonen: «Ei framtid for deg, meg og alle».

Norsk teiknspråk er språket som Kaia Borrebæk brukar når ho skal snakke med folk, utan tolk går kommunikasjonen lettare.

#GetOrganized

– Kva var dei viktigaste vedtaka som vart gjort på landsmøtet dykkar?

– Handlingsplanen som vart vedteken er ein av dei viktigaste, seier Sondre Uteng Olsen.

NDFU-leiaren fortel at organisasjonen tidlegare har jobba med å utvikle tilbod og å skape fleire internasjonale band. No vil NDFU redusere tidsbruken på desse tiltaka, og heller vende blikket innover:

– I perioden 2020-2021 vil NDFU fokusere på organisasjonen sjølv, for å verte ein berekraftig organisasjon og rekruttere fleire medlemmar. Vi kjem til å sjå på ungdomsklubbane som er knytte til oss, for å løfte dei opp og bistå der det er behov, skriv Olsen.

– Kva er dei viktigaste sakene for Norges Døveforbunds Ungdom anno 2019?

– Etter at NDFU skapte tre nye ungdomsklubbar i 2018, gjekk vi i gang med eit nytt prosjekt #GetOrganized, forklarar Sondre Uteng Olsen.

Han fortel at dei har hatt tre samlingar med tema som korleis det er å sitje i eit styre, og korleis ein samarbeider med NDFU. Deltakarane har lært å jobbe saman, og å legge ein strategiplan. Dei har òg laga vidoar om ungdomsklubbar og å verte frivillig, og desse vert publiserte seinare.

Samstundes fortel Sondre Uteng Olsen at NDFU nyleg har avslutta eit stort prosjekt i regi av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU): Trygg Organisasjon.

– Formålet med det er å skape ein trygg organisasjon med trygge møteplassar der det ikkje skjer noko grenseoverskridande seksuell åtferd eller overgrep. Vi har halde førelesingar, laga retningslinjer og besøkt alle ungdomsklubbar for å førebyggje uønska seksuell åtferd.

Ikkje ei hindring, men ein mogelegheit

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit idealsamfunn for meg ville vore at det er tilgang på teiknspråkleg opplæring som ein del av grunnskuleopplæring og valfag på vidaregåande skule, fortel Olsen.

NDFU-leiaren understreker at det er nyttig å ha teiknspråk i tillegg til talespråk for dei som har høve.

– Då vert ikkje døve og høyrselshemma så isolerte i kvardagen, og dei kan dra på butikken og spørje etter varer eller dei kan treffe forbipasserande i byen og spørje etter vegen.

I eit idealsamfunn vert det at ein anten høyrer dårleg eller ikkje høyrer i det heile teke ikkje sett på som hindringar, men som mogelegheiter:

– Det er mogelegheiter for jobb, skulegang og diverse fritidsaktivitetar for alle, uansett høyrsel, funksjonshemming eller bakgrunn, avsluttar Sondre Uteng Olsen.

Sondre Uteng Olsen

  • Alder: 24
  • Kvar kjem du frå: Eg er fødd og oppvaksen i Rælingen, flytta til Oslo når eg var ca 17 år gamal.
  • Yrke: Jobbar som miljøarbeidar på Signo Conrad Svendsen Senter.
  • Favorittfag på skulen: Naturfag
  • Ulike verv du har/hatt: Eg starta i elevråd på ungdomsskulen, kom meg inn på Ungdomsklubben PAFF. Satt i NDFU-styret frå 15-årsalderen, sat der i fire år før eg vart tilsett i vikariat som ungdomskonsulent. Tok meg ei pause på to år før no. I dag er eg styreleiar for NDFU, hovudtillitsvald på arbeidsplassen for Fagforbundet, og eg sit i styret til ungdomsklubben UFH.
  • Kva organisasjonar/parti er/har du vore medlem i: Norges Døveforbunds Ungdom og Oslo Døves Sportsklubb
  • Kva gjer du i fritida/hobby: Fritida mi består stort sett av dataspel og frivillig arbeid innanfor verva eg har.