Regjeringa vil ha merking av retusjert reklame
Regjeringa vil merke all reklame med retusjerte personar. Barne- og familieministeren trur det vil bidra til å redusere kjensla barn og unge har av kroppspress.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I forslaget, som no blir sendt ut på høyring, heiter det at om kroppen til personen i reklamen har vorte justert, må reklamen merkast som retusjert.
Dette inneber endringar i marknadsføringslova.
Tiltak for å redusere kroppspress
– Barn og unge blir utsette for eit betydeleg kroppspress gjennom sosiale medium og reklame. Å kjenne på kroppspress kan ha noko å seie for den psykiske helsa til barn og unge. Forslaget om å merke retusjert reklame er eitt av fleire viktige tiltak for å redusere kroppspresset blant barn og unge, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Kun stillbilete, ikkje reklamefilmar
Barne- og familiedepartementet opplyser at kravet om merking vil gjelde reklame på norske nettsider, i blad, aviser og liknande.
Kravet vil gjelde stillbilde, men ikkje reklamefilmar, og ramme all reklame som rettar seg mot norske forbrukarar, uavhengig av om avsendaren er norsk eller utanlandsk.