Noregs yngste ordførar kuttar eiga lønn

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 28.11.2019 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrF-ordføraren i Sokndal, Jonas Andersen Sayed, er berre 22 år gammal og kjem rett frå studenttilværet.

Kuttar løna med 250.000 kroner

No vil han kutte eiga lønn med 250.000 kroner, skriv NRK. Kommunen sparar til saman 400.000 kroner på kuttet medrekna arbeidsgivaravgift.

– Samanlikna med andre, både i offentleg og privat sektor, tener eg veldig godt til å vere ein 22-åring, så det er ikkje synd på meg, seier han.

Vil gi overskotet til ungdom og eldre

Han kuttar i lønna på eitt vilkår; at han sjølv fekk bestemme kva pengane skal gå til.

Noko av pengane går til å auke potten til ungdomsrådet, tilskotet til frivilligsentralen, tilskotet til lag og foreiningar og at dagsenteret for elde får tre ekstra opningsdagar.