Framtida.no har utfordra unge listekandidatar frå ulike parti og kommunar. Kvifor har dei engasjert seg, og korleis vil dei bidra til at Noreg kan nå klimamålsetjingane sine?
mm
Jonas Andersen Sayed

Alder: 21 år
Yrke: Student
Parti: KrF
Kommune: Sokndal

LES FAKTALUKK FAKTA

– For det første har eg eit brennande engasjement for menneskeverd og andre menneske, og for det andre ønsker eg å vera med å bygga og utvikla bygda eg er så glad i. Det er her eg har vakse opp – og det er her eg ønsker å stifta familie og ein dag bli gammal, skriv Jonas Andersen Sayed i ein e-post til Framtida.no.

21-åringen er ordførarkandidat for KrF i kommunevalet 9. september og kan bli den yngste ordføraren kommunen nokon gong har hatt.

Han skildrar heimkommunen som ein idyllisk liten kystkommune heilt sør i Rogaland og løftar fram at dei var den første kommunen i Norden til å bli medlem av den internasjonale rørsla Cittaslow.

– Tanken er å bremsa litt på jaget, skru ned tempoet og prioritera livskvalitet og det gode livet, fortel Sayed.

Det inneber mellom anna at kommunen har gravlagt Jantelova, og kvart år har dei ei eiga kjærleiksveke.

– Kombinert med sterk dugnadsånd og ein fantastisk natur gjer dette kommunen til ein utruleg fin plass å leva, skriv Sayed.

Les om Sokndals store son: Tønes – kvardagskjærleikens profet

Vil avmystifisera lokalpolitikken

Ein av kjepphestane til Jonas Andersen Sayed sidan han blei valt inn i kommunestyret som 17-åring har vore å prøva å avmystifisera lokalpolitikken.

– Politikk treng ikkje vera så komplisert som det ofte blir framstilt som, og vi treng unge stemmer som er aktive i viktige avgjerdsprosessar. Skule, kultur, kollektivtilbod og spørsmål om arbeidsplassar er saker som i aller høgaste grad opptar livet til unge menneske, og bodskapen min til andre unge er derfor å bruka røysteretten til å få valt inn fleire unge kommunestyrerepresentantar.

Han trur det er sunt for demokratiet at kommunestyra speglar att mangfaldet lokalsamfunnet.

– Ei stemme til Sokndal KrF kan gjera at eg endar opp som tidenes yngste norske ordførar. Akkurat dette punktet er derimot ikkje noko eg har lagt noko personleg prestisje i.

Les også intervjuet med landets yngste ordførarkandidat Nilofar Nori (18): – Målet mitt er å få ei stemme som ein ungdom, som ein minoritet og som ei kvinne

Vil flaumsikra bygda

For å løysa klimakrisen må vi kutta utslepp både lokalt og globalt, meiner Jonas Andersen Sayed. Foto: privat

– Klimaendringane skjer no, og eg bur i ein kommune som verkeleg har erfart dette på kroppen dei siste åra. Fleire gonger har vi vore utsette for flaum og ekstremvêr, og seinst i vår var vi på randa av katastrofe då ein storbrann trua den vesle bygda vår.

Men det er flaumfaren som er den største gjentakande trusselen, ifølgje Jonas Andersen Sayed.

– Eg går til val på å få skaffa nok pengar til å flaumsikre bygda. Om 200-års-flaumen kjem vil heile førsteetasjen av rådhuset ligga under vatn, og flaumfaren i seg sjølv har tilnærma stoppa heile sentrumsutviklinga. Det er mykje billegare å førebygga enn å reparera, og eg er ikkje den einaste lokalpolitikaren i ein norsk distriktskommune som saknar politisk vilje til å ta verkeleg tak i dette.

Må kutta lokalt og globalt

– Som lokalpolitikar er eg er opptatt av å redusera dei lokale utsleppa, mellom anna gjennom å bruka innkjøpsmakta kommunen har til å dreia investeringar over til grøne alternativ.

Jonas Andersen Sayed er òg opptatt av å sjå det store bildet, og er glad for at det som var Noregs største vindpark – Tellenes vindpark – kvar dag produserer store mengder grøn energi som bidrar til å redusera dei globale utsleppa.

– For tida er det ein lokal debatt om vi skal invitera til utbygging av vindkraft utanfor kysten av kommunen. Som i dei fleste saker som omhandlar vindkraft finst det òg her motargument, men eit av dei beste argumenta for ei utbygging er utvilsamt den positive klimaeffekten. Derfor har eg personleg sagt at eg treng meir fakta på bordet før eg eventuelt kan skal seia nei til vindparken – som også vil generera store inntekter til ein elles fattig minsteinntektskommune.

Les også saka: Berre 1 av 5 kommunar følgjer miljøkrav i anbod

Tellenes vindmark i Sokndal var landets største. Pressefoto: Zephyr
Oppdatert: måndag 26. august 2019 13.19

Kommentarar

ANNONSE