«Me som enkeltmenneske og samfunn har noko å læra av Tonning Riise og dei andre »


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dei siste par åra har ei rekke menn i ulike maktposisjonar mista jobbane og verva sine, etter at det blei avslørt at dei hadde misbrukt makta si for å få seksuelle fordelar.

Den siste tida har fleire av dei mest omtalte personane fortalt si side av historiene, inkludert Kristian Tonning Riise, som gjekk av som leiar for Unge Høgre i starten av 2018. Då hadde det komme fram at han mellom anna hadde hatt sex med ei 16 år gammal jente på ein fest der han sjølv var til stades som tillitsvalt, og at oppførselen lenge hadde vore kjend i organisasjonen.

Når desse mennene no fortel om korleis dei har opplevd tap av posisjon og omdøme, har det utløyst ein ny runde med kritikk mot media, som ifølgje somme lar dei framstå som offer, medan dei eigentleg har det fulle ansvaret for kva som har hendt sjølv.

Eg har tenkt litt på desse mennene i det siste. Dei som i samband med #metoo-kampanjen blei avslørt og oppdaga at handlingane deira faktisk fekk konsekvensar. Og ikkje minst diskusjonen om kor og korleis det er greitt å la dei få fortelja om sine erfaringar, tankar og framtidsutsikter.

Har desse mennene gjort noko dumt?

Definitivt.

Er det rart at dei ikkje tok til motmæle tidlegare?

Eigentleg ikkje.

Er det greitt at dei no fortel om korleis dei har opplevd alt?

Absolutt.

Klarer media å løysa det på ein OK måte?

Stort sett.

Det som slo meg, då eg såg TV 2 sitt intervju med Tonning Riise i programmet Vårt lille land, var det same som har provosert ganske mange andre: Det verkar ikkje som om hans eigne handlingar er det som har fått han på andre tankar, men heller dei konsekvensane det fekk då han blei avslørt.

Det er litt smaklaust, men samtidig svært forståeleg. For er det ikkje slik dei fleste av oss er, at me først eigentleg tenker over handlingane våre når me møter motstand? Så lenge folka som betyr noko for meg, lar meg halda fram som før, ser eg sjeldan noko grunn til endring.

Og det er her eg meiner me som enkeltmenneske og samfunn har noko å læra av Tonning Riise og dei andre. For dette er ikkje saka om ein mann som ikkje takla eiga makt og såg kor grensene burde gått. Det er ei sak om ein organisasjon som ikkje gjorde nok for å skjerma medlemmene.

Dette er ikkje saka om ein mann som ikkje takla eiga makt og såg kor grensene burde gått. Det er ei sak om ein organisasjon som ikkje gjorde nok for å skjerma medlemmene.

For nokre år sidan hadde politiet ein kampanje som handla om at unge menn på byen burde stoppa kvarandre frå å trø over grensa frå sjekking til overgrep – for å vera ein god kompis. Du lar berre ikkje vennen din bli ein overgripar, om du kan stoppa det. Det same gjeld her.

Sjølv møter eg tusenvis av ungdommar kvart år, på skulebesøk, bibliotek og festivalar. På grunn av at eg både skriv bøker om seksualitet og overgrep, diskuterer me desse tinga ganske mykje. Og ungdommane er nysgjerrige, utforskande og interesserte. Det betyr noko kva me seier.

Når eg snakkar med ungdommane om korleis dei kan stilla opp for kvarandre, for å unngå at ein god venn øydelegg både sitt eige og andre sitt liv, lyttar dei verkeleg. Og overraskande mange nikkar svakt, med alvorlege blikk. Dei forstår det, om berre nokon seier det.

Du ville ikkje latt kompisen din køyra i fylla? Nei, då lar du han heller ikkje ta med ei sørpefull jente på rommet. Du gjer berre ikkje det.

Du ville ikkje latt kompisen din køyra i fylla? Nei, då lar du han heller ikkje ta med ei sørpefull jente på rommet.

Er det ein ting eg håper me sit igjen med etter desse sakene, er det ei større felles forståing for at det ikkje berre er greitt, men heilt avgjerande, at gode venner hindrar kvarandre frå å gå på trynet. Og me treng alle eit korrektiv innimellom. Berre slik kan me bli betre.

Sjølv har eg til dømes slutta å tulla med elevar som sovnar når eg er på skulebesøk, slik eg kunne gjera i starten på turnékarrieren. For meg var det berre litt moro. Men for eleven? Kanskje hadde han eller ho eit helvete heime. Det kunne ikkje eg vita noko som helst om. Først då eg snakka om dette, og nokon gjorde meg merksam på at eg faktisk ikkje kunne halda på på den måten, forstod eg at eg gjorde noko dumt. No, i ettertid, framstår det som sjølvsagt. Men eg hadde ikkje tenkt på det då. Og først då nokon sa noko, slutta eg.

Om folk fortsett å le, tar eg det som ei stadfesting på at eg gjer noko rett – sjølv om eg kanskje samtidig gjer ein allereie kjip kvardag heilt uuthaldeleg for akkurat den ungdommen som sovna i timen.

Viss ingen seier frå, vil dei færraste sjå nokon grunn til å endra seg.

Les også: Likestillingsombodet: – Ugreitt om metoo-felte politikarar gjer comeback allereie

Likestillingsombod Hanne Bjurstrøm meiner det må vere mogleg å komme tilbake til politikken igjen for metoo-felte politikarar, men fryktar at det kan ende med at det er varslarane som trekker seg ut av politikken.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK