Norske elevar får ein meir praktisk skule

Faga blir meir praktiske og utforskande, og det blir meir læring gjennom leik for dei yngste barna i dei nye læreplanane for grunnskulen og vidaregåande skule.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag la kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) fram dei nye læreplanane som skal takast i bruk frå og med skuleåret 2020.

– Fagfornyinga er den største endringa i skulen sidan innføringa av kunnskapsløftet i 2006, sa Sanner då han la fram dei nye læreplanane.

Den største endringa er at læreplanane blir stramma inn med færre kompetansemål: Frå 129 til 41 i KRLE, frå 103 til 62 i samfunnsfag og frå 161 til 95 i norsk.

– Det betyr ikkje at det blir mindre læring. Snarare tvert imot. Men det skal vere meir tid til å oppnå kvart mål. Elevane skal få meir tid til å lære det viktigaste i faga, seier Sanner.

Programmering og algoritmisk tenking

I dei nye læreplanane blir dagens fag og timetal vidareførte, men det blir innført tre tverrfaglege tema: Demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring. Temaa skal inngå i faga der det er naturleg.

Til dømes er berekraftig utvikling lagt inn i norskfaget, og demokrati og medborgarskap er lagt inn i matematikk.

– Mange har ønskt at dei tverrfaglege temaa skal få ein større plass i skulen. Det har eg lytta til, og temaa er tatt inn i fleire fag etter høyringa, seier Sanner i ei pressemelding.

Det blir òg i større grad lagt vekt på læring gjennom leik i læreplanane for dei yngste barna, fleire fag blir meir praktiske og utforskande, og kritisk tenking og digitale evner blir ein meir sentral del av kva norske barn skal lære på skulen.

Mellom anna skal elevane lære både programmering og algoritmisk tenking.

Verdiløft

Innføringa av dei nye læreplanane skal òg gi skulen det kunnskapsministeren kallar eit verdiløft, som er ein ny overordna del av læreplanen som utdjupar verdigrunnlaget for skulen.

– Skulen har eit dobbelt samfunnsoppdrag. Han skal både danne og utdanne. Verdigrunnlaget i opplæringa, som mellom anna handlar om respekt for menneske og natur, og det å verdsetje mangfald og likeverd, kjem no tydelegare fram i dei enkelte faga, seier Sanner.

Den nye store skulereforma med namnet Fagfornyinga skal innførast hausten 2020. I arbeidet med dei nye læreplanane har Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet mottatt over 20.000 innspel og 7.000 høyringssvar.

Endringane i læreplanverket kjem etter semje om at dagens læreplanar er for omfattande, og at det er for dårleg samanheng i og mellom faga.