Dagen eg blei «halal»

Mulki Mire Guled
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det som var ein fest for dei, var den verste dagen i livet mitt.

Eg var berre fem år gammal, men eg hugsar den dagen som det var nokre minutt sidan.

Eg var berre ei lita jente, men der eg budde har små jenter liten verdi.

Der avgjer tradisjonar og overtru kva folk skal gjera.

Eg vaks opp ein stad der menneskerettar blir brotne, kvar einaste dag.

Eg levde i ein kultur som undertrykker jenter. Ein kultur der jenter lever i fengsel.

Eg var berre ei lita jente, men der eg budde har små jenter liten verdi.

Då eg var fem år gammal, blei eg omskoren.

Den dagen var ein festleg dag for familien min og alle andre.

Det var dagen eg vart «Halal». Eg vart rein.

Den dagen var ein fest for dei. Men for meg var det den verste dagen i livet mitt.

Det var starten på eit liv i smerter. 200 millionar jenter er utsette for omskjering.

Det er vanleg i heile 30 land. Dei som omskjer flest jenter er Somalia, Sudan, Egypt og Etiopia. I desse landa blir menneskerettane brotne kvar einaste dag

Dette er kulturar der den einaste lova er tradisjonen.

Arva frå folk som levde for lenge sidan.

I Somalia, der eg kjem frå, blir jenter omskorne frå dei er fem år gamle.

Jentene lever i stor frykt og redsel for å bli skorne opp i underlivet.

Dei lever med traume resten av liva sine.

Og for kva for ein grunn? Ein skal vera sikker på at ho er jomfru når ho giftar seg. At ho er rein for mannen sin.

Men når dei gjer klar sine barberblad og nåler, forstår dei smerta vår? Forstår dei problema jentene kan få?

Men når dei gjer klar barberblada sine og nåler, forstår dei smerta vår? Forstår dei problema jentene kan få?

Kroniske infeksjonar og smerter i underlivet. Vanskar ved svangerskap og fødsel. Er dei så fanga av tradisjon at dei ikkje klarer å forstå?

Mange trur omskjering handlar om religion. Men det står ikkje noko i Koranen eller Bibelen om å omskjere jenter.

Det er berre kultur. Ein ukultur. Der jenter må lida.

For frykta til samfunnet, for skam.

Eg er ein av jentene som lever med dette inngrepet. Eit inngrep som framleis blir sett på som det einaste rette.

Men vi er mange som ikkje ønsker at jenter skal måtta oppleva dette. Vi er mange som meiner at når ein tradisjon er skadeleg, må tradisjonen endrast.

For vi veit korleis det kjennest. Kvar gong menstruasjonen kjem.

Det er vi som får eit forhold til kroppen prega av smerte, ikkje glede.

Dette må stoppast!

Men korleis? Korleis kan vi stoppa omskjering av jenter?

I Noreg er det forbode. Likevel er ingen straffa for det. Ikkje ein einaste éin sidan lova kom i 1995. Nærare 20.000 norske jenter er omskorne, fordi dei er frå land der dette er vanleg.

I dag kan mellom 3000 og 8000 jenter bli sendt ut av Noreg for å bli utsette for dette overgrepet.

For å stoppa omskjering er derfor ikkje forbod nok. Vi må endra måten folk tenker på.

For å stoppa omskjering er derfor ikkje forbod nok. Vi må endra måten folk tenker på.

Eg skal gjera mitt. Eg bruker stemma mi her i dag. Og eg vil at de skal høyra på meg. For løysinga ligg hos oss alle. Vi må gjera det motsette av kva mennene og kvinnene til tradisjonen vil vi skal.

Snakka høgt. Dele erfaringar. Diskutera. Lære. Ikkje vera stille med smerta og skamma.

No veit dykk her i dag kva omskjering gjer med menneske. Kva omskjering gjorde med meg. Og eg ber dykk:

Om de er journalistar. Om de er influensarar. Om de er lærarar eller elevar. Gutar, jenter, kvinner, menn. Om du er statsminister i Noreg eller helsesøster på Laksevåg.

Dette er beskjeden min til alle dykk. La oss heva stemmene våre.

La oss sei NEI til omskjering.

 

Innlegget er publisert og omsett til nynorsk med løyve frå forfattaren.

Har du noko på hjartet? Send oss meiningsinnlegg eller tips til tips(a)framtida.no!

– For å stoppa omskjering er ikkje eit forbod nok. Vi må endra måten folk tenker på, seier Mulki Mire Guled (22). Foto: Svein Olav B. Langåker