Spreiing av falsk informasjon er den vanlegaste taktikken frå innanlandske krefter som vil påverka demokratiske val.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje undersøkinga Freedom on the Net 2019 er resultatet at den globale «internett-fridomen» har sokke for niande år på rad.
Det er Freedom House som står bak undersøkinga, og i sin årlege rapport melder dei at både statsapparat, parti og andre har brukt desinformasjon og andre verkemiddel for å påverka val innanfor eigne landegrenser.

Det var NRK som fyrst omtala saka i Noreg.
Spreiing av falsk informasjon vanlegast
Innblanding innanfor eigne landegrenser i val, var eit problem i 26 av dei 30 landa som vart undersøkt og som har hatt eit nasjonalt val det siste året.

Michael Abramowitz. Foto: Freedom House.
Falsk informasjon var den vanlegaste taktikken som vart brukt.
I nokre land blokkerte styresmaktene heimesider eller kutta tilgongen til internett, i eit forsøk på å halda på makta.
– Mange styresmakter har funne ut at propaganda fungerer betre enn sensurering på sosiale medium, seier president i Freedom House, Mike Abramowitz.

Digitale plattformer er den nye slagmarka for demokratiet
Hovudfunna frå rapporten er:
- Nedgong i internett-fridom for niande år på rad
- Sidan juni 2018, har 33 av dei 65 landa i undersøkinga opplevd nedgong i internett-fridom. Størst nedgong var det i Sudan og Kazakhstan, fulgt av Brasil, Bangladesh og Zimbabwe. Det var likevel 16 land som opplevde at fridomen vart betre, med Etiopia på topp over størst oppgang.
- Internett-fridomen søkk i USA
- I USA brukar justis- og immigrasjonsmyndigheiter sosiale medium til å overvåka folk, i tillegg til å ha uautoriserte ransakingar av reisande sine elektroniske produkt, noko dei er lite opne om. Her vart det også brukt overvaking i heilt lovlege samanhengar som fredelege protestar og nyhendesamlingar. Desinformasjon var vanleg rundt store politiske hendingar, og var i større grad spreidd av aktørar innanfor eigne landegrenser.

- Kina er verst i verda – for fjerde år på rad
- I Kina har sensureringa nådd det ekstreme. Regjeringa styrka kontrollen sin over informajon i førekant av 30-årsjubileet for massakren på Den himmelske freds plass, og i møte med vedvarandre protestar i Hong Kong mot regjeringa.
- Digitale plattformar er den nye slagmarka for demokratiet
- Innanriksaktørar innanfor både statsapparat og parti brukte propaganda og falsk informasjon for å påverka tonen på nett. Dette skjedde i minst 24 land det siste året og var den mest brukte taktikken for å påverka val.
- Vanlege ting er å slå seg saman med regjeringsvenlege medie-profilar og kjende forretningspersonar, å spre konspirasjonsteoriar på nett, ytra svært kontroversielle synspunkt og å spreie misvisande meme-ar frå små ekkokammer ut til det vanlege politiske miljøet.

- Styresmakter samlar stordata og overvakar på sosiale medium
- I minst 40 av 65 land, har styresmakter innført avanserte overvakingsprogram på sosiale medium. Desse masseovervakingssystema kan kjapt finna brukarane sine forhald; dei kan gi meining til det brukaren postar på sosiale medium og rekna ut kor personane har vore, er og kjem til å vera. Maskinlæring gjer det mogleg for programma å finna mønster som menneske ikkje ser.
- Ytringsfridomen er under press
- Rekordhøge 47 av 65 land hadde arrestasjonar av folk på bakgrunn av politiske, sosiale eller religiøse ytringar. Folk opplevde fysisk vald som straff for nett-aktivitetane sine i minst 31 land.
- Styresmakter har normalisert «shutdowns» som eit politisk verktøy
- Sosiale medium og andre kommunikasjonsappar vart blokkert i minst 20 land. Teleoperatør-nettverk vart suspendert i 17 land, ofte i forkant av val, eller under protestar og sivil uro.

- Fleire regjeringar brukar robotar og falske kontoar for å manipulera sosiale medium
- Politiske leiarar hyra inn folk for å umerkeleg, forma meiningar på nett og hetsa motstandarar. Dette skjedde i rekordmange 38 av dei 65 landa i rapporten.
Les også: Hald deg unna Messenger! Desse meldingstenestene er best på personvern

Whatsapp og Messenger er blant tenestene som kjem verst ut i gjennomgangen. Foto: Eirik Tangeraas Lygre