Journalisten: VG og Sofie Bakkemyr inngår forlik
VG og Sofie Bakkemyr har inngått forlik, etter at VG vart felt i PFU for dekninga si av den mykje omtalte dansevideoen med Trond Giske på Bar Vulkan.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det vi har å melde, er at vi no har komme til semje med Sofie, og saka er sånn sett ute av verda. Vi har løyst dette i samråd med Sofie, og det er det eg kjem til å seie, seier VGs stabssjef Øyvind Næss til Journalisten.
VG vart i august felt på ei rekke punkt i Pressens Faglige Utvalg for dekninga si av den mykje omtalte videoen der Trond Giske dansar med Bakkemyr på Bar Vulkan i Oslo i vinter.
I september vart det kjent at Sofie Bakkemyr krev oppreising frå avisa.
Partane har kome til semje
Øyvind Næss ønsker ikkje å gå inn på detaljane i avtalen.
– Vi har vorte samde om å ikkje seie noko.
Bakkemyrs advokat Knut-Asbjørn Solevåg ønsker heller ikkje å gå konkret inn på kva avtalen med VG inneber.
– Det vi har å fortelje, er at partane har komme til semje, og at saka er ute av verda, seier Solevåg til Journalisten.
Les også: 14-åringar tok metoo-utfordringar i skulen til Stortinget