Journalisten: VG og Sofie Bakkemyr inngår forlik

VG og Sofie Bakkemyr har inngått forlik, etter at VG vart felt i PFU for dekninga si av den mykje omtalte dansevideoen med Trond Giske på Bar Vulkan.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det vi har å melde, er at vi no har komme til semje med Sofie, og saka er sånn sett ute av verda. Vi har løyst dette i samråd med Sofie, og det er det eg kjem til å seie, seier VGs stabssjef Øyvind Næss til Journalisten.

VG vart i august felt på ei rekke punkt i Pressens Faglige Utvalg for dekninga si av den mykje omtalte videoen der Trond Giske dansar med Bakkemyr på Bar Vulkan i Oslo i vinter.

I september vart det kjent at Sofie Bakkemyr krev oppreising frå avisa.

Partane har kome til semje

Øyvind Næss ønsker ikkje å gå inn på detaljane i avtalen.

– Vi har vorte samde om å ikkje seie noko.

Bakkemyrs advokat Knut-Asbjørn Solevåg ønsker heller ikkje å gå konkret inn på kva avtalen med VG inneber.

– Det vi har å fortelje, er at partane har komme til semje, og at saka er ute av verda, seier Solevåg til Journalisten.

Les også: 14-åringar tok metoo-utfordringar i skulen til Stortinget

Fjortenåringane Ella Fyhn, Ellisiv Aure og Ea Baklund under eit besøk på Stortinget. Jentene har skrive eit lesarinnlegg i Aftenposten om seksuell trakassering av jenter i skulekvardagen
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix