Produksjonen av hestekjøt går kraftig ned

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SSB-tala viser ein nedgang i produksjonen av hestekjøt frå 2008 og fram til i dag. I fjor vart 23 tonn hestekjøt til menneskemat i Noreg. Mange hesteeigarar vel å heller levere dyra til gjenvinning, fortel NRK.

Dyrefôr, gjødsel og brensel

Bedrifta Norsk Protein har sett ein auke av hestar til anlegga sine i mange år. Dei tek imot biprodukt frå slakteri, skjerebedrifter og døde dyr, og dyra blir blant anna til dyrefôr, gjødsel og brensel.

– I fjor tok imot vi 2.300 hestar til saman. Kvart år blir det levert fleire hestar til våre anlegg, og slik har utviklinga vore i nærmare 15 år, seier Lars Aashammer, dagleg leiar for Norsk Protein til NRK.

Han trur årsaka til utviklinga kan vere ein kombinasjon av at folk ikkje vil at hesten deira skal bli til kjøt, og at reglane frå Mattilsynet har vorte strengare.

Mattilsynet opplyser at det er fleire faktorar som speler inn. Færre slakteri tek imot hest til slakt enn før, dersom hesten har gått mykje på medisin er kjøtet ueigna som mat. I tillegg ser mange på hesten som eit kjæledyr, og synest det blir unaturleg at han skal etast.

Ein ny rapport spår at konvensjonelt kjøtt kjem til å utgjere ein stadig mindre del av marknaden. Foto: Pixabay.com