Dubie Toa-Kwapong
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

5. november fann den spanske redningsbåten Cantabria lika til 26 nigerianske jenter og kvinner i Middelhavet. Desse jentene og kvinnene hadde vore offer for menneskehandel. Det er uklart nøyaktig korleis dei døydde, men italiensk politi mistenker at dei vart drepne av smuglarar i Libya som dumpa kroppane deira i havet.

Kvart år døyr tusenvis av vestafrikanske og austafrikanske migrantar i løpet av den livsfarlege ferda frå Nord-Afrika til Sør-Europa. Ifylgje International Organization for Migration (IOM) døydde 4302 menneske i Middelhavsområdet i 2016. I år er det estimert at 2925 har mista livet, så langt. Som regel vert ikkje desse dødsfalla rapportert. Når dei har fått merksemd i media, er reaksjonane ofte lite å leggja merke til. Men denne gongen har det vore vanskeleg for verda å vende blikket frå det som har hendt.

Jentene som mista livet var mellom 14 og 18 år gamle. Berre to av dei er blitt identifiserte – Marian Shaka og Osato Osaro. Begge var gravide. Det er mistanke om at kvinnene hadde opplevd seksuell og anna fysisk vald på reisa, og at dei vart trafikkerte til Europa som sexarbeidarar.

Rasebasert system

Nyhenda om den grusame skjebnen deira er blitt fylgt av forstyrrande reportasjer om at vestafrikanske migrantar vert selde og kjøpte i opne slavemarknadar i Libya. Libya har lenge vore eit viktig ledd i reisa til mange vestafrikanske migrantar sine reiser til Europa. I Nord-Afrika er det, som i dei fleste stadar i verda, eit rasebasert system der lyshuda folk med opphav i Midtausten held makta og folk av afrikansk bakgrunn ofte er marginaliserte og nærmast usynleggjorde.

I Libya hadde afrikanarar litt meir vern under Muammar Gaddafi, som hadde byta ut den opprinnelege panarabiske ideologien sin med panafrikanisme etter mislykka forsøk på å kople seg inn i den arabiske verda. Etter Gaddafi vart kasta i 2011, har migrantane mista dette allereie knappe vernet dei hadde, og er meir sårbare enn nokosinne når dei reiser gjennom det store nordafrikanske landet i kaos.

Opptil éin million flyktningar

Ifylgje IOM er det mellom 700.000 til 1 millionar vandrarar i Libya til ei einkvar tid. Dei fleste er på flukt frå krig, forfølging og ekstrem fattigdom i heimlanda sine. Nokre er frå så langt sør som Eritrea, Somalia, Kongo og Den sentralafrikanske republikk. Dei kryssar Sahara-ørkenen, fer gjennom Libya og så vidare over Middelhavet på vaklevorne båtar. På desse båtane er det ofte ein fargebasert hierarki – dei mørkaste må sitje nedst i båtane og passasjerane vert lysare mot toppen. Slik vert dei som sit på botnen utsett for brannskadar når dieselen som vert oppbevart der blandar seg med saltvatnet som lekker inn i båtane. Desse er òg dei fyrste som druknar når båtane søkk.

Det er mange som ikkje kjem fram til båtane. Desse vart fanga og tekne til private fengsel der dei blir tvungne til å jobbe utan betaling, får lite mat, opplever at familiane vert ringde og spurde om løysepengar. Om familiane tek for lang tid, eller rett og slett ikkje har midlane til å betale, vert personen auksjonert vekk for opp til 1200 libyske dinarar (rundt 6642 kroner), eller i verste tilfelle ført bort og drept. Fleire døyr av svolt og sjukdom.

Blodig bakgrunn

Det er vanskeleg å forstå det som skjer i Libya i dag utan å fyrst forstå korleis folk frå Midtausten enda opp i Nord-Afrika, med utgangspunkt i invasjonen og koloniseringa av Egypt i året 642. Det som skjedde kan samanliknast med det som skjedde i Nord-Amerika og Sør-Amerika mellom europearar og urbefolkingane i dei områda. Målet var å ta over regionen. Metoden var brutal, enkel og ganske normal på den tid: drep og/eller kastrer alle mennene og voldta alle kvinnene. Målet var ei demografisk utviding av den arabiske verda og spreiinga av Islam.

Fotografi av ein gut som blei halden som slave på Zanzibar i 1890. Foto: Wikipedia

Slavehandel med lang historie

I denne perioden starta òg den indiske havsslavehandelen. Historikarar meinar denne starta opptil 100 år før den transatlantiske som vi høyrer mykje meir om på skulen og i media. Folk frå nord, aust og sør i Afrika vart frakta til Midtausten, Sør-Asia og andre delar av det asiatiske kontinentet. Opp til 800 000 enda opp som perledykkarar i det som i dag er Emiratane, Yemen og Oman. Fleire kastrerte afrikanske menn fekk roller som evnukkar i det Ottomanske Riket og Saudi Arabia. Mange afrikanske kvinner enda opp som hushjelp, kokkar og konkubiner. Til den dag i er det arabiske ordet «abd», som betyr «slave» brukt som eit synonym for svarte menneske. Dei store økonomiske spelarane i denne handelen var Nederland, Spania, fleire land i Midtausten og ei lita gruppe rike afrikanske kjøpmenn. Medan denne handelen har trappa ned betydeleg, tok han aldri slutt. Det hadde stor verknad på demografien og geopolitikken i Afrika og er viktig kontekst for det mange afrikanarar opplever i Libya og andre delar av Midtausten og Nord-Afrika i dag.

LES OGSÅ: Digitale slavar av historiske traume

Fortel om kva dei har sett

Frå januar til mars i år klarte IOM å forhandle lauslatinga av 1500 afrikanske fangar frå libyanske fengsel. Dette er grunnen til at vi høyrer meir om situasjonen no; fordi dei som har vende tilbake til heimlanda har byrja å fortelje og skrive om det dei har opplevd og sett. Talet på vandrarane som tek ferda gjennom Libya og tvers over Middelhavet har minka betydeleg som resultat. Det er sannsynleg at fleire av dei heimvenda vil prøve seg igjen, særleg når situasjonen i heimlanda ikkje viser teikn på å betre seg.

Kva skal til?

Fredag 17. november heldt Italia ei gravferd for dei 26 nigerianske jentene og kvinnene. Både ein katolsk prest og ein muslimsk imam var til stades og bad for dei omkomne. Borgarar av byen Solarno la kvite roser på dei 26 kistene.

Den italienske regjeringa jobbar no aktivt for å redusere talet på migrantar som forlet Libya og gjennomfører reisa over Middelhavet. Dei meinar dette har redusert dødstalet og forhindra menneskehandel. Dette er kanskje ein effektiv måte å forhindre at fleire døyr på europeisk jord, men andre meiner dette berre vil føre til at fleire mistar livet som resultat av den brutale behandlinga i Libya og andre nordafrikanske land, og av levetilstanden i heimlanda sine. Spørsmålet er kva som må til for at regjeringane i landa som desse migrantane kjem frå skal handle for å løyse problema som driv dei på flukt.