Eg lengtar etter sommarjobben – medan 152 millionar barn er tvinga inn i arbeid

Karine Grindahl
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Når eg tenker på jobb tenker eg vanlegvis på å tena pengar som eg kan bruka som eg vil. Eg tenker på sommarjobbar og deltidsjobbar. Eg tenker på jobbar som eg, som ein ungdom, har evner til å gjera. Eg tenker på noko positivt.

Dessverre er ikkje dette tankegangen til alle barn. Fordi medan me lengtar etter sommarjobben, er rundt 152 millionar barn tvinga inn i barnearbeid. Medan forventninga vår av ein jobb er ein som ikkje tar tid frå skulegangen vår, må éin av seks barn jobba heile dagen for å overleva, og mistar heile utdanninga si.

Barnearbeid i konfliktar er sjeldan valfritt

Krigar skaper sårbare situasjonar for unge. Tap, redsel og håpløyse blir kjente kjensler. Barna har ofte ikkje noko anna val enn å arbeida. Behovet for å overleva der og då, trumfar behovet for ei utdanning som du treng i eit seinare liv.

Behovet for å overleva der og då, trumfar behovet for ei utdanning som du treng i eit seinare liv.

Mange prøver å flykta, men altfor få kjem ikkje lenger enn til flyktningeleiren i eit av nabolanda der moglegheitene er få – og sjansen for å bli utnytta er stor.

Dei som enno ikkje har byrja å jobba, vil fort bli tvinga til det. Ofte er det barna som lid mest i dei meste sårbare situasjonane.

Går ikkje raskt nok

Ifølgje FN sine berekraftmål skal vi bli kvitt alle former for barnearbeid innan 2025. Sånn som det ser ut no har vi ein lang veg å gå. Sjølv om tala går nedover, går dei ikkje raskt nok. Å velja fairtrade produkt er viktig, men ikkje nok.

Vi har seks år på å fjerna eit av dei største problema barn møter i dag. Vi må jobba raskare, og det må skje no!

Vi har seks år på å fjerna eit av dei største problema barn møter i dag.

Utviklingsministeren har nyleg sagt at regjeringa skal laga eit nytt bistandsprogram som skal jobba mot moderne slaveri. Dette er fantastisk!

Eg håper verkeleg at i dette programmet vil dei prioritera arbeidet mot barnearbeid. Det må dei nemleg gjera viss dei vil no dei mest sårbare, altså barna.