Minst 280 millionar barn har ein betre sjanse til å oppleve ein trygg og sunn barndom i dag enn for 20 år sidan.
Janne Nerheim, Framtidajunior.no
Janne Nerheim, Framtidajunior.no

Rapporten ser på kva tilgang barn har til helsehjelp, skule og ernæring, og kor utsette barn er for barnearbeid og barneekteskap.

– Aldri har så mange barn hatt det så godt som no. Barn er sunnare og fleire går på skule enn nokon gong før, seier generalsekretær i Redd Barna, Birgitte Lange til NRK.

Framleis mange som har det vondt

Rapporten viser at i år 2000 opplevde 970 millionar barn ein barndom prega av barneekteskap, tidleg graviditet, at ein ikkje fekk gå på skule, sjukdom, underernæring, eller dødsfall som følgje av vald.

Dette talet er i dag redusert til 690 millionar. Dermed viser undersøkinga at minst 280 millionar barn har eit betre liv i dag enn dei ville hatt for 20 år sidan.

  • 4,4 millionar færre barn under fem år døyr kvart år
  • 49 millionar færre har svekka vekst fordi dei har fått for lite eller feil ernæring
  • 130 millionar fleire barn går på skulen
  • 94 millionar færre barn er barnearbeidarar
  • 11 millionar færre jenter blir tvangsgifte eller gifter seg tidleg
  • 3 millionar færre tenåringar føder born per år
  • 12 000 færre barn blir drepne kvart år

Men eitt tal peikar i feil retning. Talet på barn som er på flukt på grunn av krig og konflikt har auka med hele 80 prosent dei siste tjue åra.

– Det er framleis millionar av barn som blir frårøva barndommen sin. Eitt av fire barn har framleis ikkje tilgang til skule, mat, trygge levekår eller helsehjelp. Særleg utsette er barn som lever i område med krig og konflikt, eller som er drivne på flukt frå heimane sine. Vi må halde fram å arbeide hardt for å sikre at også desse barna får den barndommen dei fortener, seier Birgitte Lange til NRK.

 

Kommentarar

ANNONSE