Bøker, TV-seriar og filmar kan alle gjere oss smartare og gi oss betre språk, meiner ein av dei fremste norske forskarane på feltet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Per Henning Uppstad, ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking.
Professor i spesialpedagogikk Per Henning Uppstad ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, meiner at boka kanskje er blitt noko overvurdert.
– Det er mange fordelar med boka, men boka har nok fått for stor status i tanken om kva som utviklar oss, seier han til NRK.
- Les også: Ein av fire ungdommar les ikkje bøker
Viktigast å kunnne forstå andre menneske
Uppstad meiner at det utviklinga vår treng mest, er å forstå og sette seg inn i tankane og kjenslene til andre menneske.
– Det kan godt vere at TV-seriar og filmar kan gi same nytten som bøker, meiner han.
– Trur ikkje bøker kan erstattast av filmar
Leiar Mariann Schjeide i Norsk Bibliotekforeining er usamd med Uppstad.
– Eg trur ikkje bøker kan erstattast av filmar og tv-seriar. Bøker krev meir av oss og gir oss meir. Du mistar blant anna ein del av den språklege dimensjonen du får gjennom ein bok, seier ho til rikskringkastaren.
- Les også: Sophie Elise: – Mange dårlege blogg- og kjendisbøker.
Bøkene går til topps på salslistene, men får lunkne bokmeldingar. Toppbloggaren meiner skuggeforfattarar går ut over kvaliteten.