Ein av fire ungdommar les ikkje bøker

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ein veldig viktig gruppe å nå. Eg trur det vil vera vanskeleg å hanka dei inn igjen seinare i livet, viss ein misser dei no, seier dagleg leiar Silje Tretvoll i Foreningen !les, til NRK.

Ho er uroa over tala som kjem fram i leseundersøkinga til kanalen. Undersøkinga omfattar ungdom i alderen 15 til 25 år frå heile landet og viser mellom anna at 74 prosent les færre enn fem bøker i året.

Kor mange skjønnlitterære bøker les du i året?

Kor mange skjønnlitterære bøker les du i året?

Ingen.6
1-511
6-107
11+9
Svar totalt: 33

 

Har du lyst å lese meir, men veit ikkje kvar du skal byrje? Dette er bøkene som har forma forfattardebutantane. 

Politikarane må ta grep

Tretvoll meiner det er svært viktig å snu denne utviklinga. Ho peikar på at lesing mellom anna er viktig for å utjamna sosiale forskjellar, skapa kulturelle fellesskap og felles referanserammer. For å fremja lesing blant unge, meiner ho politikarane må ta grep og fornya den nasjonale lesestrategien.

– Det å skapa lesarar er eit langsiktig arbeid – det kjem ikkje av seg sjølv, seier ho.

Les også intervjuet med Åsmund Husabø Eikenes (32) som har skrive boka Håkon om eit skeivt vaksenliv. For endå litteraturen er taus om temaet: – Vi lever 50-60 år etter vi kjem ut av skapet. 

– Eg trur eg hadde hatt glede av å lese denne romanen som ung. Men fordi det er så få romanar om skeive liv, så er eg bittelitt bekymra for den 14-årige guten som er redd for at livet aldri skal verte fint, seier Åsmund Husabø Eikenes.