Klimademonstrantar vart fjerna då Erna Solberg skulle opne museum

Ei gruppe demonstrantar frå organisasjonen Extinction Rebellion vart vist bort då dei ville demonstrere ved ny opninga av Naturhistorisk museum i Bergen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statsminister Erna Solberg (H) opna måndag museet som har vore stengt i seks år på grunn av oppussing.

Klimademonstrantane hadde ifølgje NRK bestemt seg for å «kuppa» opninga, og dei møtte opp svartkledde med gravsteinar skorne ut i papp med namn på utdøydde og trua dyrearter.

– Me har hatt fleire møter med museet, som seier dei er veldig opne for å samarbeida med oss i andre samanhengar, og me hadde ikkje noko planar om å øydeleggja opninga. Me skulle ha ein stille og roleg demonstrasjon, der me berre skulle stå og halda opp desse gravstøttene, seier Rick Akerboom i Extinction Rebellion til Framtida.no.

Demonstrantane krev langt sterkare klimatiltak frå regjeringa.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Today we greeted Norway’s Prime Minister, Erna Solberg at the Natural History Museum reopening in Bergen. • Since 1970, 52% of animal species have gone extinct. 40% of the remaining species face extinction in the next decades. Who is next? • We are in the middle of the sixth mass extinction. The victims of the past five extinctions are on display as fossils in Natural History Museums all over the world. They act as a warning to humanity to reflect and avoid ecological disaster. Yet, politicians defend business as usual and are reluctant to initiate any significant change. • Norway’s new “greenest state budget ever” is not nearly enough to meet the goals promised as part of the UN’s Paris Agreement for 2030. • We came to demand politicians like Erna Solberg recognise the severity of ecological crisis and act now! • #sixthmassextinction #ecologicalcrisis #naturalhistorymuseum #fossils #actnow #extinctionrebellion #rebelforlife

Et innlegg delt av Extinction Rebellion Bergen (@xrbergen)

 

Demonstrantane vart vist bort

Politiet viste likevel bort demonstrantane frå områda framfor inngangen, og dei tok til slutt oppstilling heilt bakarst på museumsplassen.

Det heile føregjekk udramatisk. Ifølgje politiet hadde miljøaktivistane tatt seg inn på eit avsperra område og vart bedne om å gå utanfor sperringane.

Statsministeren opna museet uforstyrra

Statsministeren kunne dermed halde opningstalen uforstyrra. Då kunne ho røpe at det som er det eldste museet i landet, hadde vore favorittmuseet hennar i barndommen.

– Dette bygget er viktig for heile identiteten til byen, slo ho fast.

For stygge til å få bli med i utstilling. Kollasj av “De etterlatte” som Universitetsmuseet har kalla dyra som ikkje får bli med når museet opnar igjen 14.oktober. Foto: UiB