– Jon Fosse har fått eit litt ufortent rykte som traust og boring

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regissør og skodespelar Stian Kristiansen er sjølverklært Fosse-fan. Foto: Privat

– Det er jo veldig enkelt, med nokre vilkårlege replikkar, men nokon må jo gjere det først. Ein kan meine kva ein vil om det, ein kan like det, eller ikkje, men han er ein heilt unik kunstnar i internasjonal samanheng, seier regissør og skodespelar Stian Kristiansen.

Han har lese om korleis Jon Fosse kan setje seg ned og berre skrive. Ut kjem replikkar som «Hei», «Hei ja», «Er du her ja?».

– Det er så ope og enkelt, men komplisert og om ein tek det ned til den minste bestanddel vert det så mykje større. Det er det å våga å gjere det, framfor å berre peise på. Han tør å vere veldig naken i teksta si, seier Kristiansen, som er sjølverklært «Jon Fosse-fan».

Er du ein like stor Fosse-nerd? Test deg sjølv i vår quiz!

Dramatikarmøtet på Bryggen

I 2012 møtte 47-åringen sjefen sjølv for ein kaffi på Bryggen i Bergen. Kristiansen var klar til å setja i gong med innspelinga av ungdomsfilmen Kyss meg for faen i helvete, som handlar om eit amatørteater som skal setja opp Draum om hausten av Jon Fosse.

– Eg fekk inntrykk av at han var ein litt roleg fyr som var litt skeptisk til filmbransjen, som jo er litt annleis enn teaterverda, minnast Kristiansen.

https://www.youtube.com/watch?v=ioRgpClwRbM

Filmen handlar om Tale (Eili Harboe), som er lei av at amatørteateret berre set opp revyar. No vil ho heva ambisjonsnivået med ei oppsetjing av Jon Fosse.

Ho kontaktar den profesjonelle skodespelaren Lars (Kristoffer Joner) for å be han regissera, men Lars berre fnyser av ambisjonane hennar. Han tenkjer familiedramaet til Fosse er eit stykke dei må ha levd litt for å forstå.

Regissør Kristiansen samanliknar denne diskrediteringa av ungdommen på grunn av alder, med måten Greta Thunberg vert møtt på.

Teaterentusiasten Tale (Eili Harboe) og fotballspelaren Vegard (Øyvind Larsen Runestad)) vert betre kjent med både seg sjølv, kvarandre og Jon Fosse. Foto: Motlys

«Larger than life character»

Ungdommane klarar sjølvsagt strabasane og hovudkarakteren Tale skjønar kunsten når ho får sett ord på sine eigne følelsar gjennom Fosse sine ord.

– Eg vil seie det er ein veldig tillit i tekstane hans. Dei er opne for tolking og difor er det så lett å identifisere seg med ting som vert sagt – uansett kor gamal du er, meiner regissør Kristiansen.

Etter å ha fortalt litt om seg sjølv og prosjektet, fekk han dramatikaren sitt ja og drog fram si eiga utgåve av Draum om hausten, for å få ho signert.

– Eg trur ikkje han ser så mykje film sjølv. Eg leste eit intervju i BT eller BA i samband med filmen der dei spurte han om han skulle sjå han og han svara «nei». Det syntest eg var litt kult og stadfesta hans «larger than life character», minnast Kristiansen.

Stian Kristiansen på sett. Foto: Privat

– Ufortent rykte som traust og boring

I arbeidet med filmen erfarte regissøren ei heilt anna interesse for ideen med ungdommar som sette opp eit stykke av Jon Fosse i utlandet, samanlikna med her heime.

– I Noreg var det slik at 80 prosent rynka på nasen Det har kanskje litt med det at du ikkje kan bli helt i eigen by, undrar regissøren.

– Jon Fosse har fått eit litt ufortent rykte som traust og boring, på same måte som med nynorsken – at det er gamaldags og keisamt. Men er eg synest Jon Fosse har mykje humor og varme.

Tale og Vegard likar kvarandre ikkje i utgangspunktet, men så oppstår varme kjensler. Foto: Motlys

Fosse-favorittar

Sjølv om han er «fødd og oppvaksen på Rogaland Teater», kan han ikkje hugse første gong han såg eit Jon Fosse-stykke.

– Men det appellerer veldig til meg. Eg trur det er fordi eg er Vestlending. Han har eit språk og skriv om eit landskap som eg kjenner meg godt igjen i, seier Kristiansen.

– Kva er ditt favorittstykke av Jon Fosse?

– Eg skal ikkje leggje skjul på at eg likar veldig godt Draum om hausten. Det er ikkje så rart, sidan eg brukte det i filmen. Eg likar også Nokon kjem til å kome, Barnet og Natta syng sine songar.

– Mitt sterkaste personlege forhold til Jon Fosse er at han lot meg få bruka det han har skrive, noko eg er veldig takksam for, seier Stian Kristiansen. Her speler karakterane «Draum om hausten» av Jon Fosse. Foto: Motlys