Uber opnar for comeback i Noreg
Taxiformidlingstenesta Uber kan komme tilbake til Noreg når den nye taxilovgivinga trer i kraft neste år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I eit intervju med E24 seier Ubers Norden-sjef, Joel Järvinen, at selskapet vurderer ei ny satsing i Noreg.
– For oss er det viktig at vi kan operere i alle marknader etter lokale krav og reglar, og vi ser at den typen reform som Noreg no skal gjennomføre, og som Finland gjennomførte i fjor, kan la oss gjere nettopp det, seier han.
Ny lov = Uber i Noreg igjen?
Uber er ei amerikansk teneste for taxiformidling og la ned hovudverksemda si i Noreg i 2017, etter å ha vedteke førelegg for brot på yrkestransportlova.
I sommar vedtok likevel Stortinget ei liberalisering av taxireguleringane, noko som igjen kan bane vegen for Uber. Den nye lova trer i kraft neste sommar.
– For Noreg er det sånn at lova har vorte vedtatt i Stortinget, men det er framleis for tidleg å seie når og korleis vi vil returnere, fordi det framleis er ein del detaljar rundt lovgivinga vi må ha klart før vi kan stadfeste returen, seier Järvinen.
Les også: Her må du bestå kanskje verdas vanskelegaste eksamen