Erna vil ikkje forby Uber

Men ser utfordringar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statsminister Erna Solberg (H) har sine bekymringar kring delingsøkonomitenester som Uber og Airbnb, men seier at regjeringa verken kan eller vil forby dei.

– Uber og Airbnb og andre tenester er komne for å bli, men vi har ein jobb framfor oss når det gjeld reguleringar, seier Solberg til VG.

Ei av utfordringane knytt til dei nye tenestene er korleis folk som køyrer bilpassasjerar gjennom Uber og folk som leier ut romma gjennom Airbnb skal bli skatta. Det bekymrar likevel ikkje statsministeren særleg.

– Skatt er ei utfordring som kan bli løyst: Her snakkar vi om digitale transaksjonar som det er mogleg å følgje, seier Solberg til avisa.

Ho synest det er meir alvorleg at tenestene kan føre til at stadig færre arbeidstakarar vil ha faste jobbar.

– Vi risikerer utvikling av eit arbeidsliv kor stadig fleire er «lønsmedarbeidarar» i globale selskap. Det gir store utfordringar knytt til eksempelvis arbeidsmiljølova, seier ho. (©NPK)