Ap-nestleiar meiner oljeindustrien er ein del av løysinga på klimakrisa

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Industrien må vere ein del av løysinga. Vi skal sikre arbeid til alle, skape verdiar og kutte utslepp. Det er kjernen, seier Skjæran til Dagsavisen.

Bjørnar Skjæran. Foto: Ap

Skjæran legg til at han ikkje vil setje ein sluttdato for oljenæringa. Statsminister Erna Solberg (H) har tidlegare sagt at den som skal sløkke lyset på norsk sokkel ikkje er fødd enno.

– Eg trur ikkje lyset på norsk sokkel skal sløkkast. Sjølv den dagen vi ikkje bruker fossilt brensel, så vil vi framleis trenge petroleum til produksjon av andre varer, seier Ap-nestleiaren, og viser til korleis petrokjemisk industri òg blir brukt til alt frå plastemballasje til klede.

Skeptiske til å samarbeida med MDG

Etter det dårlege kommunevalet har fleire i Ap lufta tanken om å ta Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) med i eit raudgrønt samarbeid ved neste stortingsval i 2021.

Viktige delar av fagrørsla har uttrykt sterk skepsis til dette. Dei meiner delar av MDG sitt program ikkje er foreinleg med samarbeid, spesielt med tanke på at MDG har programfesta utfasing av oljenæringa dei neste 15 åra.

Dersom MDG går bort frå ein så bastant plan, er Fellesforbundet villig til å diskutere samarbeid.

– Det er klart at dersom vi treng eit stort fleirtal for å halde dei borgarlege borte i 2021, seier vi ikkje nei til nokon, seier leiar Jørn Eggum i Fellesforbundet til Klassekampen.

Frå venstre: KrFU-leiar Martine Tønnessen, Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot og Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark ber regjeringa strame inn oljepengebruken. Pressefoto