Ungdomsparti reagerer på auka oljepengebruk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 19.05.2019 20:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Solidaritet med framtidige generasjonar og all praten om eit berekraftig velferdssamfunn kan ikkje vere noko regjeringa berre snakkar om i festtalar. Det er uansvarleg å ikkje bruke mindre pengar når ein kan det, seier Sandra Bruflot til VG.

Unge Høgre-leiaren fryktar at dagens unge må ta konsekvensane av at regjeringa brukar for mykje pengar.

6,9 milliardar fleire oljekroner

I dag tidleg kom nøkkeltala som viser at regjeringa vil bruka 238,1 milliardar oljekroner i revidert nasjonalbudsjett.

Det er 6,9 milliardar meir enn det som vart lagt til grunn for statsbudsjettet for 2019.

238,1 milliardar er ifølgje Finansdepartementet 2,9 prosent av Oljefondet sine verdiar ved inngangen til året.

Bruflot reagerer på at statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen ikkje følgjer opp utsegn om at eit mindre handlingsrom må føre til hardare prioriteringar.

Kritiske økonomar og opposisjon

Sjeføkonom i DNB, Kjersti Haugland, kalla pengebruken «overraskande høg» og er einig med sjefsøkonom i Eika Gruppen Jan Ludvig Andreassen i at pengebruken reflekterer at det er valår.

Finanspolitisk talskvinne i SV, Kari Elisabeth Kaski, meiner òg det luktar valkampbudsjett.

– Eg fryktar at dette vil presse renta opp tidlegare enn naudsynt. Det vil auke utgiftene for folk flest, og sparepengane til komande generasjonar vert brukt opp, seier Kaski til NRK.

Les også: Venstre-politikar vil stramma inn handlingsregelen – vil ikkje senda rekninga til framtidige generasjonar

Unge Venstre og KrFU vil ikkje ha valflesk

Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark seier til VG at det er ei skummel utvikling når regjeringa brukar ekstra pengar fordi det er valår.

– Vi ønskjer at bruken av oljefondet skal reduserast frå tre til 2,5 prosent, nettopp fordi vi ser at oljepengebruken ikkje er berekraftig for oss unge i framtida, seier Sondre Hansmark til VG.

Han får støtte av KrFU-leiar, Martine Tønnessen, som meiner økonomisk ansvarlegheit burde gått framfor å sette av pengar til valflesk.

– Me unge krev at våre leiande politikarar ikkje berre tenkjer fram mot valet 9. september, men legg seg på ei mykje meir ansvarleg linje, seier KrFU-leiaren til VG.

Les intervju med samfunnsøkonom Martine Tønnessen då ho tok over leiarvervet i KrFU: – Akkurat når det gjeld pengebruk er eg litt «nerd»

Misnøgde opposisjonspolitikarar

Også AUF, Sosialistisk Ungdom, Grøn Ungdom og Senterungdommen reagerer på pengebruken, melder NTB.

Leiar i Senterungdommen Ada Arnstad meiner oljepengebruken har gått over stokk og stein og kallar det eit ran av ungdommens moglegheiter for framtida.

Ina Rangønes Libak, AuF. Foto: AuF

Ina Rangønes Libak, AuF. Foto: AuF

SU-leiar Andreas Sjalg Unneland tykkjer det er skremmande at regjeringa brukar sparepengane til komande generasjonar og får støtte av AUF-leiar Ina Libak.

– Eg synest det er trist at regjeringspartia ikkje klarar å einast om kva saker dei ønskjer å prioritere og difor endar opp med å opne pengesekken til framtidige generasjonar, seier  Libak til NTB.

FpU etterlyser velferdstak

FpU-formann Bjørn-Kristian Svendsrud meiner på si side at bruken av oljepengar kan vere riktig så lenge det vert brukt til å investera i norsk velferd og infrastruktur.

Bjørn-Kristian Svendsrud, formann i Fremskrittspartiets Ungdom (FpU).

– Samstundes lir heile det politiske landskapet av ei frykt for å kutte i offentlege utgifter. Me må våga å ta dei vanskelege debattane utan å ty til dei enkle svara, skriv Svendsrud i ein e-post til Framtida.no.

Han meiner norsk økonomi går godt og tiltaka i revidert nasjonalbudsjett er gode, men skulle gjerne sett at dei vart gjennomført ved å kutta i unødige offentlege utgifter.

– Kva med å sette eit tak på kor mykje ein kan få i velferdsytingar, slik at det alltid skal lønne seg å jobbe? spør Svendsrud, som meiner tida også er moden for å revidera sjukelønnsordninga.