Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 29.01.2020 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag morgon dukka denne posten brått opp på Twitter:

Sidan då har ulike institusjonar gått kvarandre ein høg gang for å visa fram sine kulaste dingsar.

Elekstrisitet og gamma-glimt

Universitetet i Bergen starta ballet med Van der Graff-maskina, som kan laga statisk elektrisitet.

Då maskina var ferdig i 1950 fekk alle studentane vera med inn når dei testa maskina. I dag veit ein kor mykje stråling som kjem ut, og ingen kan vera inne når den er på og slår gnistar om seg. Dei tilsette brukar også parafinvoks, på veggen (tidlegare brukt som skismøring) for å beskytta seg mot radioaktiv stråling.

Dei måtte også slenga på eit ekstra imponerings-grep, sjølv om den ikkje står i Bergen.

Første kilogramlodd

Fysikk ved Universitetet i Oslo, møtte utfordringa med å dra fram eit kilolodd.

Frå 1799 til 2019 var kilogram definert som massen til eit bestemt lodd oppbevart i Frankrike, med ein masse tilsvarande massen til éin kubikkdesimeter (éin liter) vatn ved 4 °C. 20. mai 2019 vart definisjonen endra til å vera basert på Plancks konstant.

Men dei stoppa ikkje der, og kjapt var også nordlysprofessor Kristian Birkeland sitt reise-magnetometer ute. Denne hadde Birkeland med seg på nordlysekspedisjon.

Dette er Kristian Birkelands reise-magnetometer. Foto: Fysikk/UiO

NTNU tar av

Sjølv om Fysisk institutt vart gira, var dette tydeleg ei utfordring rett opp i gata til NTNU, som til no har lagt ut ti kule dingsar.

Denne gigantiske raude saken, var ein gong den kraftigaste datamaskinen i Noreg.

Med sofa.

Cray Y/MP:  Noregs kraftigaste datamaskin i 1992. Vart teken ut av drift i 2002. Foto: NTNU

– Den imponerer ikkje lenger med ytelse, men er framleis den vakraste datamaskina vi har på NTNU (og mest komfortable), med innebygga skai-sofa, skriv dei NTNU-tilsette som styrer Twitter-kontoen.

Dei kan også imponera med ein ekte Enigma-maskin. Enigma betyr gåte, og krypteringsmaskinen vart brukt mykje av tyske militærstyrkar til både kryptering og dekryptering av informasjon under andre verdskrig.

Benedict Cumberbatch spelte rolla som Alan Turing i filmen The imitation game. Turing konstruerte ein eigen maskin og greide å knekka fleire av kodane frå tyskarane. Det er truleg at arbeidet hans forkorta krigen i Europa med to til fire år.

Humor

Som seg hør og bør i ein nerdretråd på Twitter, er det også rom for mykje tørr humor om ein vil.

Også Nasjonalbiblioteket har slengt seg med, kanskje til ekstra misunning for bergensarane som starta tråden?

Den portable globusen vart laga av britiske John Betts på midten av 1800-tallet. Nasjonalbiblioteket sin versjon er frå ca. 1860 og er forma som ein paraply.

Min er større enn din

Og det stoppar ikkje der. No er Bjerknessenteret og NTNU hamna i ein eigen konkurranse i konkurransen om å ha den kulaste dingsen.

Først den lengste:

Så den eldste:

Starta imponerings-krig

Det heile er inspirert av #MuseumWars som herja sosiale medium hausten 2017.

Eit uskuldig spørsmål enda med tidenes kamp mellom Science museum og Naturhistorisk museum i London, før fleire melde seg på.

Les også: Biologistudenten Harrison (23) fann 65 millionar år gammal dinosaurskalle’

Harrison Duran (23) var med på å finne den 65 millionar år gamle triceratopsskallen Alice. Foto: Fossil Excavators