No kan du vere med å kåre Noregs nasjonalgrunnstoff

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei rekkje både offisielle og uoffisielle kåringar har Noreg enda opp med å få alt frå nasjonalhund (elghund) til nasjonalrett (fårikål).

Det var ei lyttaravstemming i 1963 som førte til at fossekallen vart landets nasjonalfugl, medan thulitt berre vart føreslått og uoffisielt fekk æra av å vere Noregs nasjonalstein.

No er det dags for å kåre Noregs nasjonalgrunnstoff.

Det melder Universitetet i Oslo si realfagsavis Titan.

Sju kandidatar med band til Noreg

Kandidatane er plukka ut av fysikar Anja Røyne og forskingsformidlar Eivind Torgersen, og fram til onsdag 18. september kl. 12 kan du vere med å avgjere kva grunnstoff som skal få den gjeve tittelen «Noregs nasjonalgrunnstoff».

Her kan du stemme!

Det periodiske systemet ser slik ut. Illustrasjon: Colourbox.com

Resultatet vert offentleggjort på P2-programmet Abels tårn førstkomande fredag.

Til felles har dei sju nominerte at dei anten har vore viktige for Noreg eller så har nordmenn vore sentrale då dei vart oppdaga, skriv Titan:

Silisium (Si), grunnstoff nr. 14

Silisium er den viktigaste ingrediensen i all steinen som saman dannar fjellandet Noreg. Samstundes vert grunnstoffet brukt til å lage solceller.

Noreg har vore ein storprodusent av silisiumskrystallar, og er framleis i verdstoppen når det gjeld kunnskap og silisium.

Thorium (Th), grunnstoff nr. 90

Det var svensken J. J. Berzelius som oppdaga det radioaktive grunnstoffet i 1828, men det på grunn av eit mineral frå Telemark-kysten!

Prest og hobbygeolog Hans Morten Thrane Esmark hadde nemleg funne steinklumpen då han var på andejakt på Løvøya.

Karbon (C), grunnstoff nr. 6

Sidan Noreg er eit oljeland, og har vekse fram på inntektene derfrå, er det vanskeleg å kome unna karbonet, sjølv om klimaet nok skulle ynskje det var mogeleg.

Samstundes er det mykje karbon i tre, og det har vi også flust av her til lands.

Lawrencium (Lr), grunnstoff nr. 103

Dette er det einaste grunnstoffet som er oppdaga av ein nordmann! Austlendingen Torbjørn Sikkeland var ein av dei fire forskarane ved Berkeley-laboratoriet i California som har fått æra for å oppdage lawrencium i 1961.

Grunnstoffet førekjem ikkje i naturen, men vert framstilt i partikkelakseleratorar og blir berre brukt i forsking.

Aluminium (Al), grunnstoff nr. 13

Vi har ikkje endelaust med aluminium i Noreg, men vi har høge fjell og fossar som gjev oss billeg energi. Difor er Noreg også ein av verdas største produsentar av aluminium.

Hafnium (Hf), grunnstoff nr. 72

Dette grunnstoffet vart også oppdaga i ein mineralbit frå Noreg, men denne gongen var det våre andre naboar – danskane – som var dei første til å gjere krav på oppdaginga i 1923.

Det var likevel eit kappløp å verte første til mølla med nyheita. Den norske kjemikaren Victor Goldschmidt vart slått på målstreken, og var skarve elleve dagar for sein med å publisere funnet av hafnium i to andre mineral i eit tidsskrift.

Kobolt (Co), grunnnstoff nr. 27

I si tid var Noreg verdas største produsent av koboltblått, som mellom anna vart brukt til å farge glas. No om dagen er kobolten ein viktig ingrediens i batteria til elbilar, som gjer at Noreg kan vere eit føregangsland med ein elektrisk bilpark.

 

Martin N. Kuntze testar ein overvakingsmodul til ein av de nye SVC-anlegga på eitt av laboratoria. Foto: Privat