Livsfarleg å vere student og akademikar

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ikkje like trygt å vere student eller akademikar over alt. I 47 land i verda kan det vere direkte livsfarleg, melder Forskning.no.

Det vart rapportert inn 294 åtak mot studentar og akademikarar innan høgare utdanning frå september 2017 til august 2018. 79 av rapportane handla om drap, vald og forsvinningar, og 88 handla om fengslingar.

Det er både statlege og ikkje-statlege aktørar som prøvar å hindre akademikarane.

Scholars at risk motarbeider truslar

Dette kjem fram frå analysane i rapporten «Free to think 2018», den fjerde i rekka av årlege rapportar som kartlegg åtak på studentar og akademikarar.

Det er organisasjonen Scholars at risk som står bak rapporten. Det er eit internasjonalt nettverk av institusjonar og enkeltpersonar som har som mål å beskytte forskarar og fremje akademisk fridom.

– Slike åtak «straffar» læring og dysser ned idéar. Det blir ein trussel som undergrev utdanningsinstitusjonar og innskrenkar moglegheitene til å tenke, stille spørsmål og dele idéar fritt og trygt, skriv organisasjonen i rapporten.

Dei vil auke bevisstheita rundt at dette skjer, og beskytte menneska som blir råka. Dei vil oppmuntre til å ta ansvar og å motarbeide framtidige truslar.

Sjå informasjonsvideo frå Free to think 2018:

https://www.youtube.com/watch?time_continue=14&v=aEfKFGRfTyY

Les også: Grove angrep på akademisk fridom

Risiko for å bli fengsla

Dei siste åra har Scholars at risk rapportert valdelege angrep på utdanningsinstitusjonar både i Afghanistan, Kenya, Nigeria og Pakistan. Det er òg rapportert målretta angrep på lærde i India, Pakistan, Tyrkia og Jemen.

Statlege styresmakter brukar fengsling, rettsforfølging og andre tvangsmessige rettstiltak for å motarbeide og skremme frå akademisk aktivitet.

I Iran har risikoen for fengsling og straffeforfølging av studentar og forskarar auka, kjem det fram i rapporten.

Eit døme på dette er den svensk-iranske forskaren Ahmadreza Djalali som framleis er fengsla i Evin-fengselet i Teheran med ein dødsdom hengjande over seg. Han får ikkje legehjelp i fengselet trass i store helseproblem.

Beathe Øgård, leiar i SAiH. Foto: Kristin Marie Skaar

Mange er skremte til å teia stilt

– Mange er skremte til å teie stilt, sa Beathe Øgård under lanseringa av rapporten sist fredag, ifølge Forskning.no.

Ho er leiar for Studentane og akademikarane sitt internasjonale hjelpefond (SAIH).

– Det er viktig at det vert innført tiltak som kan verna rettane til studentar og akademikarar.

Alle som bryt menneskerettane må bli stilte for retten, understreka ho.

Fleire tusen studentar i Tyrkia er fengsla eller utestengde

Tyrkia er eitt av landa der det er farlegast å vere student og akademikar.

Den tyrkiske studenten Dilan Esra Baycan med bakgrunn frå Ankara University var med på presentasjonen av rapporten sist veke.

Ho fortalde at det no er fleire tusen studentar som er fengsla eller utestengde frå universiteta. Desse kan heller ikkje forlata fengselet for å ta ein eksamen.

Forskning.no skriv at ho også kom med ein bøn til dei oppmøtte: folk i utlandet kan senda brev til desse fengsla.

Les også: Forskarar i Tyrkia får utreiseforbod

Vart skulda for å vere med i terroristorganisasjon

Sidan kuppforsøket i 2016, har styresmaktene fjerna personar som har ytra seg kritisk mot statleg militære aksjonar. Desse har blitt skulda for å stå i samband med grupper som regjeringa ikkje likar.

Mellom anna innførte Tyrkia sin president Rezip Erdogan den 9. juli i år ei ordning som gjer at han sjølv kan utnemne rektorar for universiteta.

Også vinnaren av UiOs menneskerettspris 2017, sosiologen og menneskerettsaktivisten Ishtar Gözaydin, er omtala i rapporten.

Det blir vist til korleis styresmaktene først skulda henne for å samarbeida med Gülen-rørsla. Saka kom opp i retten i januar 2018, der dei så skulda henne for å vera medlem av ein terroristorganisasjon.

Då dommen fall litt seinare i år, blei ho frikjent for skuldingane om terrorisme, men reiserestriksjonane står framleis ved lag.

Les også: Dette bør du vite om Erdogan

Gratisklassar i parkar og kafèar som motreaksjon

På lanseringa av rapporten på Universitetet i Oslo sist veke, var den tyrkiske akademikaren Ahmet Gürata til stades. Han er under vern i ein norsk utdanningsinstitusjon, men har framleis kontakt med akademikarar og studentar i Tyrkia.

Han meiner forholda ikkje har blitt særleg betre etter at han reiste frå landet, men fortel at det er oppretta 200 frie universitet i landet som organiserer gratisklassar i parkar og kaféar for alle interesserte. Dei har også etablert nettverket «Akademikarar i eksil».

Han fortalte òg at akademikarar i India har starta ei ny rørsle, The Raqs, altså Rarely Asked Questions (sjeldan stilte spørsmål). For Gürata hadde ei klar oppfordring: Ein må halde fram med å stille spørsmål.