NRK er på god veg til å klara kravet om 25 prosent nynorsk i sendingane sine for første gong. Det var meldinga då kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen informerte Kringskastingsrådet om statusen for nynorskarbeidet i statskanalen.
NPK - Bjørn Ivar Voll
NPK - Bjørn Ivar Voll

– Per no ligg me på 25 prosent. Me har aldri oppfylt det kravet før, og no ligg me godt an til å klara det for første gong. No skal me jobba med det utover hausten og skal vera veldig nær, helst over, sa Eriksen på tampen av førre møte i Kringkastingsrådet.

Kringkastingssjefen har fleire gonger lova at statskanalen skal levera 25 prosent nynorsk i kanalane deira i 2019.

– Viss NRK klarer kravet i år og i åra som kjem, viser NRK veg og blir eit godt døme for andre som må levera på nynorsk og samisk, seier Akhtar Chaudhry, medlem av Kringkastingsrådet, til Nynorsk pressekontor. Han trur ikkje kringkastingssjefen hadde gitt ei slik oppdatering utan å vera trygg på at kanalen kan oppfylla kravet i år.

Språkkritikk frå Medietilsynet

Saman med regelmessige program for samisk ungdom, er nynorskprosenten i kanalen dei krava NRK har slite med å oppfylla. Dette er 2 av 51 krav til allmennkringkastaren frå staten. I juni kom Medietilsynet med kritikk av NRK for heller ikkje i 2018 å vera god nok på samiske ungdomsprogram og nynorsk.

– Stort sett handlar det om å ønska seg det og setja seg mål. Så enkelt og brutalt er det, seier Chaudhry. Bokmålsmannen har eit sterkt engasjement for nynorsken, og har dei siste to åra lagt press på NRK for å strekka seg mot kravet om 25 prosent.

Akhtar Chaudhry, her saman med Tove Karoline Knutsen under møtet i Kringkastingsrådet. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Bruken av nynorsk på radio og TV auka i 2018, medan nynorskdelen på nett dei siste åra har lege på rundt 16 prosent.

– Det er bra at nynorskbruken har auka på radio og TV, men NRK må styrke innsatsen på nett for å nå kravet om 25 prosent, sa direktør Mari Velsand i Medietilsynet før sommaren.

P1 og P3 på topp

Tala for perioden januar til juli i år viser at det er radiokanalane NRK P1 og P3 som har den høgaste delen nynorsk. P1 leverte 30,3 prosent av stoffet på nynorsk, medan P3 ligg like bak med 29,9 prosent.

Distrikstredaktør Terje Gilleshammer i NRK Sogn og Fjordane. Han er også leiar for språkrådet i NRK. Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Per juni var me over og per september er me akkurat på, seier leiar Terje Gilleshammer i språkrådet i NRK om den samla produksjonen. Han minner om at nynorskkravet kom for 50 år sidan, og at dette er første gong ein kan klara å oppfylla det.

Framleis er nynorskdelen på nett godt under kravet. For første halvår i 2019 er prosentdelen 17,7. Opp frå 16 i fjor og åra før. Saman med NRK1 og P2, er nrk.no einaste avdeling som ligg under målkravet.

– Eg er glad for at NRK overordna har klart målet, så får ein heller bruka det som inspirasjon i dei avdelingane som ikkje klarer det, meiner Chaudhry.

Jobbar for meir nynorsk

Gilleshammer er til dagleg distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane. Han fortel at alle avdelingar i NRK har sett seg eigne mål om nynorskprosent, og han meiner den bevisstgjeringa har betydd noko.

I tillegg har to journalistar frå Sogn og Fjordane reist rundt og halde kurs for 200 kollegaer. Målet har vore å auka kompetansen og merksemda om nynorsk. Gilleshammer er likevel klar over at det må gjerast ein jobb å halda oppe nynorsknivået.

– Viss det først er definert mål i kvar avdeling, og leiarane er opptekne av nynorsk, vil det få følgjer for det vidare arbeidet, som til dømes for rekrutteringa, seier Gilleshammer. Han meiner nynorsken er på veg til å bli ein del av kulturen og haldningane i kanalen.

Bent Are Iversen heldt fotokurs for praktikantane ved Nynorsk avissenter i Førde i fjor haust. Foto: Kjell Ove Nordeide
Oppdatert: fredag 20. september 2019 14.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE