Maria Parr er aktuell med lettlesbok: – Vanskeleg og meiningsfullt

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist veke fekk Maria Parr besøk av NRK og programmet Bokekspedisjonen heime i Vanylven på Søre Sunnmøre. Torsdag kveld blir programmet sendt på NRK2.

– Ja, tenkt at dei kom heilt til Vanylven! Det var stas. Det er fint å få vise fram ein glimt av staden der eg bur, for eg er så glad i han. Og så synest eg alltid slike ting er litt skummelt også, og gruer meg ein del, skriv Maria Parr på e-post til Framtida.no.

Ho vart òg glad for at det kom folk og var med under innspelinga.

Kjem med lettlesbok

Maria Parr kjem i desse dagar med si første lettlesbok: boka Storebror. Boka handlar om ein gut som skulle ønskt han hadde ein storebror.

Maria Parr er sjølv storesyster.

– Eg ønskte meg veldig ei storesyster då eg var lita. Det var så skummelt å måtte gjere alt først i familien. 

– Korleis var det å skrive ei lettlestbok?

– Det er vanskeleg og meiningsfullt og veldig kjekt. Det burde jo vore innlysande før no at dette er viktige bøker, men eg trur eg måtte sjå det med sjølvsyn før det sokk inn. No har eg barn som lærer seg å lese, og leseland-bøkene er så viktige. Det var motiverande.

Maria Parr saman med programleiar for Bokekspedisjonen Pia Rivelsrud. Foto: Ida Scheie/NRK

På verdas største bokmesse i Frankfurt

I år er Noreg hovudland under verdas største bokmesse i Frankfurt 16.-20.-oktober. Maria Parr er blant dei norske barnebokforfattarane som har nådd ut lengst i verda. I fjor blei dei tre bøkene hennar omsett til elleve språk. Ho toppa dermed lista over omsette norsk barne- og ungdomsforfattarar.

– Korleis blir det å bli med til bokmessa i Frankfurt?

– Det lurer eg også på, for der har eg aldri vore før. Det blir nok kjekt og litt overveldande!

Fakta: Maria Parr

  • Maria Parr (fødd 18. januar 1981) er ein barnebokforfattar frå Fiskå i Vanylven.
  • Debuterte i 2005 med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel.
  • I 2009 gav ho ut andreboka Tonje Glimmerdal som var selt til fem land før ho kom på norsk, og som ho fekk Brageprisen for i 2009.
  • I 2011 vart Vaffelhjarte filmatisert for NRK.
  • Hausten 2017 kom boka Keeperen og havet, som òg vann Brageprisen.