Sjeldan mikromåne fredag den 13. – 13 år til neste gong

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er eit langt ord, men ikkje eit omgrep utan bruksområde. Ifølgje The Express har Institutt for stressmeistring og fobiar i USA (Stress Management Center and Phobia Institute) estimert at 17–21 millionar menneske i landet blir påverka av angst for 13.-datoar som fell på fredagar.

Det er gjerne éin til tre fredag den 13.-ar i året, i år er det to slike, i september og desember.

I år er det i tillegg mikromåne fredag den 13. september, ein sjeldan kombinasjon som ikkje vil hende igjen før om 13 år, den 13. mai 2033, melder The Independent.

Kvifor så redd?

I delen vår av verda er det brei semje om at bakgrunnen for overtrua er knytt til bibelske referansar. Primært skal det vere Jesu’ siste måltid, der dei skal ha vore 13 til bords, og dagen etter, langfredag, då den 13. av dei, Judas, forrådde Jesus, som skal vere opphavet til skepsisen til tal- og vekedagskombinasjonen.

Det er òg hevda at Adam og Evas epleeting, flaumen som gjorde det nødvendig for Noah å ta arka i bruk og Babels tårn, alt er hendingar som skjedde stad fredag den 13.

Angsten for talet 13 er så utbreidd at seterad nummer 13 ikkje eksisterer hos mange transportselskap, heller ikkje rom nummer 13 hos fleire vertar.

Menneske har i generasjonar stira på fullmånar og forbunde dei med alt frå førekomst av hekser og vampyrar til provokasjon av alt frå barnefødslar til epilepsianfall og ikkje minst generell galskap – eller månesjuke. Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK

Vanskeleg å sjå

Månen er no nær punktet lengst frå kloden vår, apogeum, og når det er fullmåne samtidig blir det kalla ein mikromåne, som er det motsette av kjempefullmånen, som blir kalla supermåne.

Menneske har i generasjonar stira på fullmånar og forbunde dei med alt frå førekomst av hekser og vampyrar til provokasjon av alt frå barnefødslar til epilepsianfall og ikkje minst generell galskap- eller månesjuke.

Eigentleg kanskje like greitt då, at fullmånen er lengst unna fredag 13. september denne gongen, viss ein engstar seg for negativ påverknad.

På den andre sida skal det godt gjerast å sjå forskjell frå ein vanleg fullmåne. Ifølgje NASA er ein mikromåne omtrent 12 til 14 prosent mindre enn ein supermåne, så det er definitivt ikkje lett å sjå at han er mindre når ein ikkje har moglegheit til å sjå dei ved sida av kvarandre.

Buzz Aldrin syner respekt for det amerikanske flagget på månen. Foto: NASA/Neil A. Armstrong/Fritt gjenbruk