Ny Ferrante-bok i november: – Vi er så begeistra

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er så begeistra for å høyre at Ferrante har skrive ny roman, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget i ei pressemelding.

Den sagnomsuste italienske forfattaren kjem med ei ny bok på italiensk 7. november.

Kolmannskog fortel at Samlaget har fekk nyheita for kort tid sidan, og har fått lese eit kort utdrag av den komande boka.

Når den italienske versjonen kjem startar arbeidet til den prisvinnande omsetjaren Kristin Sørsdal med å gjere italienske gloser om til nynorsk.

– Vi håpar å ha den norske utgåva klar i mai, seier Kolmannskog.

Ny Napoli-roman

Verken det italienske forlaget Edizioni E/O eller andre forleggjarar har avslørt tittelen på den nye romanen.

Men den nye romanen er i likskap med storsuksessen Napoli-kvartetten sett til den anonyme forfattaren sin fødeby, Napoli.

Dette kan ein lese ut av stadene som er nemnt i dette korte utdraget, som det engelskspråklege forlaget Europa Editions har publisert på Twitter:

Frå boksida til scena

Elena Ferrante har vorte ein favoritt hjå både kritikarar og lesarar, som går mann av huse når ei ny bok kjem i butikken. Ifølgje Samlaget nærmar samla oppslag seg ein halv million, berre i Noreg.

Samstundes har fleire av bøkene vorte laga om til både skjerm og scene.

Her til lands opna teaterframsyninga Mi briljante venninne på Oslo Nye Teater førre veke, etter teateret kapra rettane til ein sceneversjon som først vart spelt i London.

I fjor kom HBO-serien My Brilliant Friend basert på boka med same namn. Allereie før siste episode var sleppt, vart serien fornya for ein ny sesong. Den skal ta føre seg den andre boka i Napoli-kvartetten, Historia om det nye namnet.

Hovudrolla som den unge Elena Greco vert spela av halvt norske Elisa Del Genio.

Som barn spilles Elena Greco av Elisa Del Genio, venninnen Raffaella Lila Cerullo av Ludovica Nasti, før tenåringsrollene overtas av Margherita Mazzucco og Gaia Girace. Foto: HBO / Handout

Som barn vert Elena Greco spelt av Elisa Del Genio, venninna Raffaella Lila Cerullo av Ludovica Nasti, før tenåringsrollene vert overtekne av Margherita Mazzucco og Gaia Girace. Foto: HBO / Handout

I oktober i fjor annonserte også den amerikanske skodespelaren Maggie Gyllenhaal at ho skal skrive og regissere ei filmatisering av romanen Den dunkle dottera.

– Eg har lest alle bøkene hennar. Det har vore himmelsk. Det har vore slik ei glede, sa Gyllenhaal til Deadline tidlegare i år då den amerikanske nettstaden spurde korleis adaptasjonen gjekk.

Maggie Gyllenhaal fekk i 2015 ein Golden Globe for si rolle som Nessa Stein i BBC-serien The Honourable Woman. Snart debuterer ho som manusforfattar og regissør. Foto: Des Willie, BBC

Maggie Gyllenhaal fekk i 2015 ein Golden Globe for si rolle som Nessa Stein i BBC-serien The Honourable Woman. Snart debuterer ho som manusforfattar og regissør. Foto: Des Willie, BBC

Elena Ferrante

  • Fødd i Napoli
  • Debuterte i 1992 med L’amore molesto, som vart utgitt på Gyldendal med tittelen Hjemreise
  • Fekk sitt internasjonale gjennombrot med Napoli-kvartetten (Mi briljante venninneHistoria om det nye namnetDei som flyktar og dei som blir og Historia om det tapte barnet)
  • Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante