Ferrante-jentene går til teaterscena i Oslo

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er på Oslo Nye Teater teppet går opp for den etter kvart berømte forteljinga om dei to venninnene frå Napoli.

Teateret har sikra seg sceneversjonen, men vi må vente til neste haust før vi får sjå resultatet. Noregspremieren blir 5. september 2019, melder teateret.

Det er ikkje berre på scena ein kan sjå Ferrante-karakterane. Nyleg var det premiere på HBO-serien My Brilliant Friend, og forfattaren kan notere seg at bøkene, som vi her heime kallar Napoli-kvartetten, er selde til 45 land.

Sjå norsk-italienske Elisa del Genio (11) som speler Elena Greco i HBO-serien My Brilliant Friend:

Regissør Saverio Costanzo, som både har regi og manus på den kritikarroste HBO-serien basert på Napoli-kvartetten, vart handplukka av den suksessrike forfattaren bak pseudonymet Elena Ferrante.

– Ho overvaka overføringa av boka til film og kom med forslag, sjølv om eg ikkje trong å forsvare det vi gjorde med innhaldet, sa Costazo i september.

Les også: Maggie Gyllenhaal skal skrive og regissere filmatisering av Ferrante-roman

Grønt lys for Skandinavia

I fjor kom den første sceneversjonen basert på den populære Napoli-kvartetten, då til ei scene i London, og det er denne utgåva som skal finne vegen til Oslo-scena neste år.

– Å få rettane berre til Noreg, var vanskeleg. Men då vi gjekk saman med kollegaene våre i Stockholms Stadsteater og Odense teater i Danmark og søkte om rettane for Skandinavia, fekk vi grønt lys, seier teatersjef Kim Bjarke ved Oslo Nye Teater til Aftenposten.

Dramatiseringa er ved April De Angelis, og i Noreg skal Maren Elisabeth Bjørseth trekke i regitrådane. Bjarke ber oss sjå for oss episk drama – i stor stil.

– Eg trur vi er dei første som har fått lov etter London, fortset han i intervjuet med Aftenposten.

Les også: Ferrante-feber gjev Samlaget størst vekst blant forlaga

To tretimarsframsyningar

Dei to hovudrolleinnehavarane gleder seg til å levandegjere forteljinga. Wilmann seier det ikkje er ofte ein får høve til å spele ei rolle som følgjer utviklinga til ein person frå 5 til 60 år.

Wilmann og Holthe Bygdnes kjenner kvarandre godt frå før gjennom både Teaterhøgskolen og frå tidlegare scene-samarbeid, som Vepsen på Centralteatret.

Skodespelarane skal spele rollene gjennom to heilaftans framsyningar på til saman seks timar.

Les også: Jojo Moyes ut mot Ferrante-spekulasjonar

– Det blir episk drama i stor stil, lover teatersjef Kim Bjarke – her under lanseringa av teaterrepertoaret for 2019. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix