DNA-funn: Loch Ness-monsteret kan vere kjempeål

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar har i eitt år undersøkt innsjøen. Torsdag vart studien deira publisert. Der slår dei fast at det ikkje er bevis for at det finst nokon monster-liknande urtidsskapning i Storbritannias største innsjø.

– Vi kan ikkje finne det minste bevis for nokon slik skapning i datasekvenseringa vår av miljø-DNA, seier professor Neil Gemmell, genetikar ved University of Otago på New Zealand.

Det er heller ikkje funne bevis for at det kan dreie seg om hai, malle eller stør, slår han fast.

– Det dreier seg om ei svært stor mengde DNA frå ål, seier Gemmell.

Les også: Visste du at det djupaste punktet under havoverflata er djupare enn Mount Everst er høgt? 

Gigant-ålar

Han opplyser at forskarane fann DNA frå ål «på omtrent kvar einaste stad» der dei henta inn prøvar. Forskarane henta opp 250 vassprøvar frå ulike stader i innsjøen og på ulike djupner. Målet var å danne seg eit samansett bilde av livet i vatnet.

– Dataa våre seier ikkje noko om storleiken, men mengda av DNA-materiale åleine tilseier at vi ikkje kan sjå bort frå at det kan vere gigant-ålar i Loch Ness, seier forskaren, som kallar denne teorien «plausibel».

Gemmell viser til at forskarar i 1933 òg sette fram ein teori om at ein stor ål kunne vere forklaringa bak observasjonane folk har gjort gjennom åra.

– Dykkarar som har vore i innsjøen, har hevda at dei har sett ålar like tjukke som beina, seier Gemmell.

Nokre av dykkarobservasjonane tyder på at det kan vere ålar som er 4 meter lange, legg han til.

Les også: Vestlandet har fått sitt svar på mystiske kornsirklar: Møtte troll på veg heim

Skogstroll i Øvstedalen. Foto: Anne Kristin Aarskog England