Møtte troll på veg heim

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er dette eit troll?

– På veg heim etter ein tur til Svartavatnet frå Øvstedalen møtte me dette skogstrollet, fortel Anne Kristin Aarskog England frå Leikanger. Ho fekk fanga det pussige fenomenet gjennom kameralinsa.

Heilt livaktig og svært deltajert kjem trollet «gåande» bortover.

Det er Sogn Avis som omtala bildet først.

LES OGSÅ: Japan-skjelv skapte bølgjer i vest

Trur på naturleg forklaring
Verda over dukkar det til tider opp mystiske sirklar og bilde i kornåkrar. Blant teoriane som dukkar opp, er at desse skal ha blitt laga av UFOar. Anne Kristin Aarskog England trur ikkje at det er troll eller utanomjordiske som står bak trollet i Leikanger.

– Eg trur at det er kome grunnvatn ut på bøen som har runne nedover og forma «bildet», seier ho til Framtida.no.

– Det kan hende bildet varte berre ei lita stund, legg ho til.

QUIZ: Kva veit du om troll?