Regjeringa som ikkje lyttar

Paulina Sitarz
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Viss du vil leve ut den amerikanske draumen burde du flytte til Danmark.»

Sitatet kjem frå dei britiske forskarane Kate Pickett og Richard Wilkinsson. Dei forskar på konsekvensane av ulikskap, og slår fast at moglegheitane er større i land der forskjellane er mindre.

Noreg er ikkje lenger eit likkskapssamfunn.

Noreg har tradisjonelt vore eit slikt land. No er ting i endring. Noko av det som har gjort Noreg til Noreg er i ferd med å forvitre. Noreg er ikkje lenger eit likkskapssamfunn. I Noreg har vi ein stolt historie om korleis vi bygde verdens beste velferdsstat med små forskjellar mellom folk. No aukar forskjellane – og dei aukar på grunn av Høgre- og Frp-regjeringa sin politikk.

– Dei jobbar aktivt for å auke forskjellane

Høgre og Frp-regjeringa står ikkje berre passivt og ser på at forskjellane blir større, dei jobbar aktivt for å auke forskjellane. Dei siste seks åra har Høgre- og Frp-regjeringa kutta skattane med 24 milliardar kroner. Dei store kutta er gått til dei som har mest. Medan dei aller rikaste har fått store skattekutt, er vanlege folk avetne med dyrare barnehage, 6 milliardar i auka avgifter og usosiale kutt i velferda.

Dei store kutta er gått til dei som har mest.

Vi har eit ansvar ovanfor framtidige generasjonar for at det samfunnet dei overtek skal vere best mogleg. Dersom vi lempar over på dagens unge eit samfunn med større forskjellar, mindre tillit og eit Norge der ikkje alle er med, har vi som samfunn mislykkast.

– Mindre krefter til å bekjempe voksande forskjellar

Ifølge Statistisk Sentralbyrå er formue den viktigaste årsaka til ulikskap. Dei ti prosent rikaste kontrollerer no over halvparten av all formue i Norge. Dei 0,1 prosent rikaste, 2400 personar, har auka sin andel av den totale formue frå 9,2% i 2016 til 10% i 2018. Regjeringa sine kutt i formuesskatten betyr at dei med dei største formuane, sit igjen med stadig meir.

Noko av det første Høgre- og Frp-regjeringa gjorde då dei tok over regjeringsmakta var å fjerne skatten på arv. Arv er ein enorm fordel. Å fjerne skatten på arv er derfor ein subsidie for dei som allereie har eit forsprang i livet. Skattekutta gjer også at samfunnet har mindre midlar til skule, helse og velferd. Det gjer at vi har mindre krefter til å bekjempe dei voksande forskjellane.

Vi som er unge i dag står framfor fleire av dei største utfordringane verda står ovanfor.

Vi som er unge i dag står framfor fleire av dei største utfordringane verda står ovanfor. Vi skal løyse klimakrisa, vi skal handtere eldrebølga og vi må handtere teknologien og automatiseringa som gjer at arbeidsplassar forsvinn. Dette er utfordringar vi må løyse. Vi kan ikkje overlate det til nokon andre, på ein annan stad til ein annan tid. Dei store utfordringane vår generasjon skal handtere, krev at vi tar heile Noreg i bruk. Då kan vi ikkje ha galopperande forskjellar mellom folk.

Det har noko å sei kven som styrer Norge og i kommunane.

– Viktig motvekt

I Ap-styrte kommunar jobbar Arbeidarpartiet for å ta samfunnet i ei anna retning. I kommunestyre og fylkesting over heile landet, jobbar vi for meir velferd og mindre forskjellar. Å sikre at Arbeidarpartiet er i posisjon i kommunar og fylke over heile landet er den viktigaste motvekta vi kan bygge mot Høgre- og Frp-regjeringa. På Stortinget har Arbeidarpartiet fremja 83 forslag for mindre forskjellar mellom folk. Det har noko å sei kven som styrer Norge og i kommunane.

Det siste vi treng er ein Høgre- og Frp-regjering som ikkje berre passivt ser på at forskjellane veks, men som aktivt brukar politikken til å auke forskjellane. Det er ei regjering som ikkje lyttar til folk.

Noreg fortener betre. Fordi det handlar om vår felles framtid.

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no

Vil du lesa fleire meiningsinnlegg?
Les gjerne: – Kjære politikarar: vi er einige med dykk! Helsing skulestreikar

Les også: – Ja til røysterett for 16-åringar no!