Ølsalet i nye Sunnfjord skaper usemje

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fire kommunane som skal verte Sunnfjord kommune, har ulike tider for ølsal. Førde stengjer ølsalet sitt klokka 18, to timar tidlegare enn dei andre kommunane, skriv NRK. Politikarane er ikkje samde om kva som bør skje.

– Alt som kan føre til ein restriktiv alkoholpolitikk er noko vi støttar. Alle i Sunnfjord bør følgje same opningstider, og då er det best med dei vi har i Førde, seier ordførarkandidat for Sunnfjord KrF, Norunn Lunde Furnes.

Les også om forsking: Er «ei litta øl» meir ufarleg enn «ein liten øl»?

Håpar på Naustdal-tid

Sunnfjord Høgre er derimot for utvida opningstider, fram til klokka 20.

– Vi meiner vi bør ha dei same opningstidene som i Naustdal, Jølster og Gaular. Det spelar ikkje nokon stor rolle om ein har to timar lengre opningstid for ølsalet, seier han.

Ørjan Alme er sjef for Coop Extra i Førde og har fått merke dei ulike salstidene.

– Det er mange som kjem etter stengjetid og spør kva alternativ dei har. Då må me jo berre anbefale dei å køyre til Naustdal eller andre stadar, seier han. Han håpar sjølv på Naustdal-tid i den nye storkommunen.

Les også: Frp vil ha ølsal på bensinstasjonen