Frp vil ha ølsal på bensinstasjonen
– Uaktuelt, svarar Høgre.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi ønsker å likebehandle bensinstasjonane og kioskane med daglegvarebutikkane, seier Bård Hoksrud (Frp), stortingsrepresentant og medlem av programkomiteen til Vårt Land.
Han seier at det ikkje handlar om auka tilgjenge.
– Programpunktet handlar om prinsipp. Når grensene mellom særleg bensinstasjonar og daglegvarebutikkar forsvinn, må regelverket tilpassast, seier han.
Fleirtalet i komiteen skriv at kioskar og bensinstasjonar får «høve til å søke om salsløyve for alkoholhaldige drikkevarer på lik linje med daglegvarenæringa elles». Eit mindretal i programkomiteen tar dissens og vil stryke ølpunktet.
LES OGSÅ: Jon Hustad slaktar den «heilage alkoholkua,» taxfree-ordninga
Folk i Noreg kjøpte 272 millionar liter øl i fjor – opp frå 253 millionar liter i 2014, fortel Bryggeriforeningen.
Stortinget vedtok i 1998, mot stemmene til Høgre og Framstegspartiet, at berre daglegvarebutikkar skal få kommunalt løyve til å selje øl. I dag har Høgre snudd.
– Dette er ikkje eit forslag som vil få Høgre si støtte. Dette vil betydeleg forandre tilgangen til alkohol og det er ei heilt ny retning i norsk alkoholpolitikk, seier Tone W. Trøen, helsepolitisk talsperson i Høgre.
– I Noreg har vi lykkast med å ha eit klart skilje mellom bilkøyring og alkohol, som har spart mange liv. Dette vil rokke ved den politikken, seier ho til NTB.
LES OGSÅ: Frp vil la 18-åringar kjøpa sprit
…men folk flest støttar ikkje forslaget, ifølgje Actis-undersøking